Fylkeslegen har «ikke funnet grunnlag for videre tilsynsmessig oppfølging av saken,» står det i eit brev som er signert fungerande fylkeslege Petra Turet Olsen.
Erik Are Stedt (35) mista livet under ein arrestasjon på Oslo legevakt i november 2012. Ein ambulansearbeidar, som skulle hjelpe politiet med å få kontroll på Stedt, tok eit dødeleg halsgrep på 35-åringen.
Fylkeslegen oppretta i januar tilsynssak mot Oslo legevakt, og dei varsla at dei ville granske rutinane og prosedyrane til Oslo legevakt. No er altså tilsynssaka avslutta.
- LES OGSÅ:
«Tiltak er iverksatt»
Helsepersonellet på legavakta trudde Stedt var ein annan person. I eit dokument frå fylkeslegen står det at «lege ved legevakten ønsket å tvangsinnlegge ovennevnte på Lovisenberg sykehus på bakgrunn av hans historikk. Denne historikken viste seg å gjelde en annen person enn ovennevnte».
Fylkeslegen ville ha svar på om hendinga i november 2012 var gjennomgått, og kva tiltak «som er og/eller vil bli iverksatt,» skriv fylkeslegen.
- LES OGSÅ:
I avgjerda til fylkeslegen står det:
«Det fremgår at legevakten har rutiner på at pasienter viser legitimasjon når de skrives inn. Videre fremgår det at personer som ikke kan identifiseres og som må behandles uten personalia, registreres med behandlingsdagen som fødselsdato og NN som navn, i tillegg til en eventuell beskrivelse av utseende».
- (PDF)
Det kjem også fram at Oslo legevakt har rutiner for å krysse av for om pasientar har vist legitimasjon eller ikkje.
Vidare i avgjerda står det også:
«Hendelsen har i ettertid blitt gjennomgått og tiltak er iverksatt for å best ivareta pasienter som utagerer.»
- LES OGSÅ:
– Handla ut ifrå tilstanden han var i
Avdelingssjef på Oslo legevakt, Jon Ørstavik, sa til NRK i januar at det er fint at fylkeslegen ønskjer å gå nøye gjennom saka.
– Så langt vi har sett, har vi handla ut ifrå tilstanden han var i, uavhengig av identiteten hans. Vi trur vi ville ha gjort det same om vi hadde hatt dei korrekte opplysningane om han, uttalte Ørstavik.
– Kva tiltak er blitt gjort etter denne hendinga?
– Vi har gått gjennom korleis vi ivaretar urolege pasientar som vi er bekymra for og som kan utagere, og vi forsøker å ha ein så tett oppfølging av disse pasientane som mogleg medan vi ordnar med transport og andre tiltak, sa han.
- LES OGSÅ:
Ikkje tilsyn mot ambulansearbeidaren
Fylkeslegen har også oppretta tilsynssak mot ambulansetenesta i Oslo, men denne er ikkje avslutta enno.
Det er ikkje oppretta tilsynssak mot ambulansearbeidaren som tok halsgrepet på Stedt. I januar skreiv fylkeslegen at «handlingen er ikke egnet til å svekke tilliten til yrkesgruppen, og han kan ikke anses som uegnet til å utøve yrket sitt.»