Det opplyser fungerande fylkeslege Petra Turet Olsen til NRK. Erik Are Stedt (35) mista livet under ein arrestasjon på Oslo legevakt i november 2012. Ein ambulansearbeidar, som skulle hjelpe politiet, tok eit dødeleg halsgrep på Stedt.
- LES OGSÅ:
Trudde Stedt var ein annan
Fylkeslegen skal granske rutinane til Oslo legevakt. Det kjem fram i eit dokument NRK har fått innsyn i:
«Det fremgår av sakens opplysninger at ovennevnte (Stedt, journ.mrk.) oppga sine personopplysninger til helsepersonellet ved ankomst på Oslo kommunale legevakt (...). Helsepersonellet fant ikke disse opplysningenen overenstemmende med informasjon i folkeregisteret.»
Helsepersonellet trudde difor Stedt var ein annan.
«Videre fremgår det at lege ved legevakten ønsket å tvangsinnlegge ovennevnte på Lovisenberg sykehus på bakgrunn av hans historikk. Denne historikken viste seg å gjelde en annen person enn ovennevnte».
- LES OGSÅ:
I desember publiserte NRK videoen som viser basketaket og dødsfallet. NRK har brukt tre år på å få innsyn i videoen. Høgsterett bestemte i desember at NRK hadde krav på innsyn i videoen.
- LES OGSÅ:
Legevaktsjef: – Hadde gjort det same
Avdelingssjef på Oslo legevakt, Jon Ørstavik, seier til NRK at det er fint at fylkeslegen vil gå nøye gjennom saka.
– Så langt vi har sett, har vi handla ut ifrå tilstanden han var i, uavhengig av identiteten hans. Vi trur vi ville ha gjort det same om vi hadde hatt dei korrekte opplysningane om han, seier Ørstavik.
– Kva tiltak er blitt gjort etter denne hendinga?
– Vi har gått gjennom korleis vi ivaretar urolege pasientar som vi er bekymra for og som kan utagere, og vi forsøker å ha ein så tett oppfølging av disse pasientane som mogleg medan vi ordnar med transport og andre tiltak, seier han.
Ville forlate legevakta
Livet til Stedt enda på eit svart teppe i ambulanseinngangen på Oslo legevakt. Stedt var frakta til legevakta av to politikvinner fordi dei meinte han var psykotisk, og trengte tilsyn av lege.
Ein lege vurderte Stedt, og det blei avgjort at han skulle tvangsinnleggast – men det visste ikkje den psykisk sjuke mannen sjølv. Både politiet og helsepersonellet trudde også at Stedt var ein annan person.
Etter om lag 40 minutt med roleg og fredeleg stemning, endra situasjonen seg brått. Stedt, som er paranoid schizofren, blir uroleg. Han vil forlate legevakta. Dei to politikvinnene prøver å stoppe Stedt. Det oppstår eit basketak, og politiet slit med å få kontroll på Stedt.
Basketaket varer i 18 sekund – så grip ein ambulansearbeidar inn for å hjelpe politiet. Eitt minutt seinare ligg Stedt død på golvet.
Fylkeslegen ber også Oslo kommunale legevakt opplyse om dei har gjennomgått hendinga, og det har blitt gjennomført tiltak etter dødsfallet. Ambulansetenesta har opplyst at dei ikkje har endra rutinane etter dødsfallet.
- LES OGSÅ:
Tidslinje frå kvelden 29. november 2012:
- Kl. 19.51: Erik Are Stedt kom til politivakta på Sentrum politistasjon. Han ville politimelde at han var kidnappa av IRA og at politiet måtte løyse saka.
- Kl. 20.02: Ein politipatrulje hentar Stedt i politivakta, fordi dei meiner han treng legehjelp. På grunn av ei misforståing trur politiet at Stedt er ein annan person.
- Kl. 20.09: Patruljen med Stedt er framme på legevakta.
- Kl. 20.20-21.02: Stedt sit roleg på «Stue 1». Stedt vart fleire gonger sett til av helsepersonell, men Stedt ville ikkje at legen skulle sjå på han. På bakrunn av historikken i legejournalen, ønska legen å leggje Stedt inn på skjerma avdeling på Lovisenberg sykehus, ifølgje etterforskingsdokument. Denne historikken knytta seg til feil person - altså ein anna person enn Stedt.
- Kl. 21.02: Stedt reiser seg, blir uroleg og vil forlate legevakta. Det oppstår eit basketak mellom Stedt og dei to politikvinnene. Ambulansearbeidaren grip inn og tar eit dødeleg halsgrep i 58 sekund. Stedt døyr på golvet på legevakta.
- Rundt kl. 21.30: Stedt blir erklært død.