Hopp til innhold

– Giske har høg moral

Arbeidarpartiets stortingsrepresentantar som deler fylkesbenk med Trond Giske tek nestleiaren i forsvar etter trakasseringsrykter. – Han er ikkje «ein sånn person», seier Kirsti Leirtrø.

Arbeiderpartiets landsstyremøte september 2017.

VARSLA: Partileiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre (t.v.) og partisekretær Kjersti Stenseng (t.h.) må handtere reaksjonar på åtferda til Ap-nestleiar Trond Giske (midten). Men fleire stortingsrepresentantar frå fylkesbenken til Giske tek nestleiaren i forsvar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Dei siste dagane har fleire medium omtalt reaksjonar på åtferda til Arbeidarparti-nestleiar Trond Giske, samt konfliktar i partiet om handtering av seksuell trakassering.

Ifølgje kjelder NRK har snakka med har partileiar Jonas Gahr Støre motteke fleire varslar frå kvinner i partiet om Giske.

Kirsti Leirtrø

OVERRASKA: Stortingsrepresentant Kirsti Leirtrø (Ap) har kjent Giske lenge og meiner han er ein ærleg person.

– Det overraskar meg. Eg har kjent Giske i mange år og har aldri sett eller høyrd noko eg har reagert på som upassande, seier stortingsrepresentant og mangeårig arbeidarpartipolitikar frå Sør-Trøndelag, Kirsti Leirtrø.

Ho får støtte frå Eva Kristin Hansen og Jorodd Asphjell, som alle er stortingsrepresentantar frå Sør-Trøndelag saman med Giske.

– Dette er heilt nytt for meg, og eg har kjent Trond sidan vi begge var AUF-arar, seier Asphjell.

Hansen, som også er stortingspresident, vil ikkje kommentere saka utover å slutte seg til utspelet frå Leirtrø.

Dei er likevel tydelege på at ein må ta påstandar om seksuell trakassering på høgaste alvor.

Intervjuet med dei tre stortingspolitikarane vart gjort før Støre bekrefta at Giske har opptrådt på ein kritikkverdig måte.

– Vi er folk vi også

Leirtrø seier ho opplever Giske som ein sosial, dyktig og triveleg person, som mange gjerne vil ha kontakt med.

– Når du har eit leiarverv, så er du jo populær.

– Meiner du ein set for høge krav til politikarar?

– Vi er jo vanlege folk vi også, men eg meiner bestemt at Giske har høg moral.

Støre sier det ikke er grunn til å fremme anklager mot GIske

– Giske har ikkje opptredd upassande, sa Støre i Politisk kvarter førre veke.

Vil ikkje spekulere i hensikter

VG skreiv førre veke om ein SMS Trond Giske skal ha sendt til eit AUF-medlem i 2011. Den tidlegare AUF-medlemmen opplevde ikkje meldinga som trakasserande, men meldinga vart rapportert om til partileiinga og har dukka opp i debatten, etter striden i Ap om handtering av trakassering.

Leirtrø meiner denne saka er eit eksempel på at det ikkje har dukka opp noko konkrete skuldingar om trakassering mot Giske.

– Det er underleg at det dukkar opp ei sak frå 2011.

Ho legg til at dette umogleg kan vere enkelt for han og familien.

– Meiner du dei som står bak kan ha andre hensikter?

– Det har eg ikkje noko behov for å spekulere i. Det viktigaste er korleis personar som meiner dei er utsett for trakassering opplever det. Derfor er det viktig med openheit.

Kjenner ingen «giftig partikultur»

Dei to stortingspolitikarane kjenner ikkje til at det er ein dårleg kultur i Arbeidarpartiet for å varsle, slik som Arbeidarpartiet i Oslo skreiv i eit opprop måndag.

Oslo Ap skriv blant anna at fleire har kvidt seg til å varsle om trakassering og at dette kan skape ein «giftig partikultur».

– Vi har tydelege og klare reglar i partiet, men det er viktig med openheit og god handtering av slike saker, seier Leirtrø.

Ho er oppteken av at alle korta vert lagt på bordet og har tillit til at partileiinga vil handtere saka på ein god måte.

– Fryktar du det vil ha konsekvensar for Giske?

– Eg er heilt roleg. Slik eg kjenner han har eg ingen grunn til å tru at han er «ein sånn person», seier Leirtrø.

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, uttalte tidlegare til NRK at alle varslar til partikontoret vil bli handtert skikkeleg, og er glad for at Oslo Ap set fokus på varsling og partikultur.

AKTUELT NÅ