Hopp til innhold

Vil ha slutt på moglege voodoo-ritual

Vestfold og Telemark fylkeskommune har sett seg leie på det som verkar å vere voodoo-ritual ved oldtidsminnet Istrehågan i Larvik. Dei vurderer no å gå til politiet for å få slutt på handlingane.

Halshugd hane i Larvik

Ein turgåar i Larvik fann ein halshogd, svart hane i helga. Fylkeskommunen mistenker at nokon har brukt kulturminnet Istrehågan til okkultisme.

Foto: Ragnar Orten Lie / Kulturarv i Vestfold og Telemark fylkeskommune

I helga fann ein turgåar ein halshogd hane og fleire gravlys på det freda kulturminnet Istrehågan i Larvik. På bakken hadde nokon teikna det som kan vere eit okkult symbol.

I eit innlegg på Facebook skriv Kulturarv i Vestfold og Telemark fylkeskommune at det kan vere snakk om eit voodoo-ritual.

Det var Vårt Land som først omtalte saka.

– Vi reiste straks vi fekk melding om at dette hadde skjedd. Tidlegare har fått meldingar lenge etter at nokon har sett noko, og då er mange spor borte, seier prosjektkoordinator Ragnar Orten Lie i Vestfold og Telemark fylkeskommune til NRK.

Han seier det er viktig å få kartlagt kva som har skjedd og om det er gjort skade på kulturminnet for å kunne vurdere om dei skal gå til politiet.

Har gjort liknande funn tidlegare

Istrehågan er ein 1500 år gammal, freda gravplass, som skal ha trekt til seg menneske frå ulike trusretningar. Det er langt frå første gong det har blitt gjort funn som liknar på det som blei gjort i helga.

– Det blei gjort liknande funn i 2018 og 2019. Men etter at vi gjekk ut med dette på Facebook, har vi fått inn fleire tips frå publikum. Det er mogleg dette går tilbake til 2004, og at det skjer rundt fullmåne ein gong i året, seier Lie.

Symbol på gravplass i Larvik

På bakken har nokon laga symbol som minner om voodoo-ritual. Det er funne liknande spor på staden dei siste åra.

Foto: Ragnar Orten Lie / Kulturarv i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Han trur utforminga av gravplassen kan vere ein årsak til at enkelte kjenner seg trekte mot kulturminnet.

– Istrehågan er ein plass med steinsettingar. Og vi ser at der det er reiste steinar, enten i båt eller sirkel, ser vi at det trekker til seg mange typar grupperingar.

Ber om respekt

Lie seier det mange som bruker området, og i dei aller fleste tilfella er folk flinke til å rydde opp etter seg. Men han ber alle respektere at dette er eit kulturminne, der det gjeld særlege reglar.

– Når ein legg igjen symbol som folk flest ikkje kjenner igjen, i tillegg til døde hanar og brukte stearinlys, kan det verke skremmande og privatiserande. Blir det fyrt opp bål eller lagt igjen ting som forsøplar kulturminne, er det brot på kulturminnelova, seier han.

Dronebilde av Istrehågan i Larvik

Den 1500 gamle gravstaden i Larvik består av fleire store steinar som er sett i ei form som kan minne om ein båt.

Foto: Arne Schau / Kulturarv i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Tidlegare har det også vore brukt eld under likande seremoniar. Og det er ekstra alvorleg, seier Lie.

– Det kan gjere skade på graver som rett under bakken, eller steinar som står der. I tillegg tilfører du kol. Dersom det blir liggande, og kjem under bakken, kan det gjere arbeidet til framtidige arkeologar vanskeleg, seier han.

AKTUELT NÅ