Hopp til innhold

Funn av E. coli i kylling frå Rema 1000

Det er funne E. coli-bakteriar i kylling produsert for Rema 1000 av Norsk Kylling på Støren i Sør-Trøndelag 9. mai. Folk blir bedne om å returnere varene til butikken og få igjen pengane.

Kylling

Det er funne E. coli-bakteriar i fleire produkt frå Norsk Kylling.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Administrerande direktør i Norsk Kylling, Kjell Stokbakken, seier at det 9. mai vart slakta 48.000 kyllingar på fabrikken. Det var under kontroll av desse at det vart funne spor av E. coli-bakterien. Di aktuelle produkta er spreidde til Rema 1000-butikkar over heile landet.

– For å vere heilt sikre ber vi om at alle kyllingprodukt frå oss, som er produserte i perioden 4. -10. mai, enten blir kasta eller leverte tilbake til butikken. Vi har ingen indikasjonar på at det er E. coli-bakteriar i produkt frå dei andre dagane, så dette er for å vere føre var, seier Stokbakken til NRK.

Strenge rutinar

Kjell Stokbakken i Norsk Kylling

Kjell Stokbakken er toppsjef i Norsk Kylling på Støren.

Foto: Mari Svenning / NRK

Han fortel at Norsk Kylling har strenge rutinar for sjekk av kyllingen.

– Denne bakterien finst over alt i naturen rundt oss, også i dyr som kjem inn til slakt. Det er prosessen i fabrikken som held bakteriane borte frå kyllingen som blir slakta og sendt ut til forbrukarane, seier Kjell Stokbakken.

Han vedgår at dette er alvorleg for bedrifta.

– Vi skal levere trygg mat. Vi har våre kontrollrutinar, så når vi finn noko, så varslar vi straks. Vi tek omfattande prøver og held tilbake varene til vi er heilt sikre på at kjøtet er trygt, seier han.

Norsk kylling, Støren

Produksjonslokala til Norsk Kylling på Støren i Sør-Trøndelag.

Foto: Bjørn Solli/NRK

Normal varmebehandling

Stokkbakken minner om at E. coli-bakterien ikkje er farleg, dersom ein følgjer normale reglar for varmebehandling av kvitt kjøt.

Kommunikasjonssjef Cathrine Fossum i Rema 1000 fortel at dei vart klare over saka i går kveld, og at det var viktig for dei å få ut informasjon til kundane så snart som mogleg.

– Vi veit for lite om omfanget enno, vi ventar svar på fleire prøver. Men vi går breitt ut og kallar tilbake alle varer frå dette partiet, seier ho.

Ole Fjetland

Ole Fjetland er direktør for mat i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Ho oppmodar alle som kan ha kjøpt produkta om å levere dei tilbake til nærmaste butikk, så får dei pengane tilbake. Ho seier det er for tidleg å seie kva konsekvensar dette vil få for tilfanget av kyllingprodukt i butikkane framover.

– Kan vere alvorleg

Direktør for mat i Mattilsynet, Ole Fjetland, opplyser at E. coli-infeksjon i ein del tilfelle kan vere alvorleg, spesielt for små born. Han minner om at det er viktig å følgje reglane for varmebehandling av rått kjøtt.

– I utgangspunktet skal ein vere forsiktig med rått kjøtt, og dette gjeld spesielt kjøt frå svin og fjørfe, seier han.

Produkta frå Norsk Kylling som er trekte tilbake frå marknaden er: Kyllingkjøttdeig, Kylilingfilet, Craig's Magic Dust, Craig's Garlic BBQ eller frosne varer av type Kyllinglår 2 kg, Kyllingvinger 2 kg, Kyllingpingviner 2 kg, Kylling rå i pose og Kyllinglårfilet. Produksjonsdatoane er frå 4. mai til 10. mai.

AKTUELT NÅ