NRK Meny
Normal

Plagar mauren deg? Prøv Fun Light!

Tøm ein desliter konsentrert Fun Light i maurtua, og dei er borte for godt.

Fun Light
Foto: stabburet.no

Nyheiten blei oppdaga i sommar, då den svenske forfattaren Lars-Erik Litsfeldt tømte ut ein desiliter saft i hagen sin. Då døydde mauren som fluar. Litsfeldt blogga om oppdaginga si, og i ettertid har nyheiten gått jorda rundt. Informasjonsdirektør i Stabburet, Robert Rønning, reagerte med undring.

Informasjonsdirektør i Stabburet

Informasjonsdirektør i Stabburet, Robert Rønning, seier safta ikkje er farleg for menneske.

Foto: Stabburet.no

- Vi i Stabburet har aldri høyrd om dette før.

Rønning seier til NRK at han har sjekka med produktutviklarane sine og at det er trygt å drikke safta.

-Stoffa er godkjende for menneske. Det er jo ein liten forskjell mellom menneske og maur, så det som fungerer bra for menneske treng ikkje å fungere bra for maur og omvendt.

Nytt middel for skadedyrkontrollen?

Når Aad De Voogd i skadedyrfirmaet Rentokil får høyre om den nye maurknertaren tek han det med latter.

- Vi har bilen full allereie, vi har berre ikkje sagt det til konkurrentane, ler han, før han blir meir alvorleg.

- Dette har eg aldri høyrd om, men eg tviler ikkje på at det fungerer. Det finnes mange forskjellige middel som ikkje er insektsmiddel, men som kan drepe maur eller andre skadedyr.

På spørsmål om dei ikkje vil gå over til saft i staden for dyre kjemikaliar svarar De Voogd:

- Vi har ikkje lov å prøve det ut, sjølv om det er effektivt og enkelt. Middelet er ikkje godkjend for å avlive skadedyr med.

Forskning i USA

Tidlegare forskningsleiar i Pharmacia i USA, Karl E Arfors, høyrde om saken via bloggen til Listfeldt. Han blei nysgjerrig og gjorde eigne undersøkingar for å sjekke om dette berre var tull.

- Eg har testa det mange gonger, og sist på ei maurtue. Resultatet blir alltid det same, mauren døyr, seier han til avisa Ny Teknik.

Årsaken til at Fun Light er så effektivt for å knerte maur er at safta er full av søtningsmiddelet Aspartam. Når stoffet blir brutt ned blir nervecellene til mauren overaktivert slik at dei døyr. Eit vaksent menneske må likevel drikke fire liter av safta før det blir farleg, ifølge den Europeiske myndighet for næringsmiddeltrygghet (EFSA).

Arfors skjøner ikkje kvifor ikkje skadedyrfirma går over til saft for å ta livet av plagsomme maur.

Lettvint maurfjerning

De Voogd i Rentokil trur ikkje dei nye opplysningane gjer skadedyrfirma i Noreg arbeidsledige, men ser ikkje bort ifrå at fleire velger å fjerne mauren sjølv.

- Dette er av dei meir moderne husmorråda eg har høyrd. Det skulle ikkje forundre meg om folk prøver det, og til og med får bra resultat.

Men på spørsmål om Fun Light får ein oppsving på marknaden som skadedyr-gift, er Stabburet skeptisk.

- Nei, det trur eg ikkje, seier informasjonsdirektør Robert Rønning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger