NRK Meny
Normal

Fulle tog og fly – men håp for etternølarar

Torsdag 21.- og fredag 22. desember ser ut til å bli dei store trafikkdagane før jul med fleire hundre tusen passasjerar. For dei som er seint ute med å ordne transport er det framleis håp, men det er i ferd med å bli fullt.

Gardermoen infotavle.

Torsdag og fredag denne veka er det julerush på Gardermoen. Passasjerane blir bedne om å møte opp i god tid.

Foto: Espen Solli

Mest trafikk er det frå Oslo og til resten av landet. På Oslo lufthamn Gardermoen er det venta rundt 86.000 passasjerar torsdag 21. desember og rundt 83.000 passasjerar fredag 22. desember. Rundt 42.000 ventar til vesle julaftan med å reise, medan i overkant av 18. 000 passasjerar ventar heilt til den store dagen søndag.

Rådet til alle som skal ut og reise desse dagane er å vere ute i god tid. Mange passasjerar og ekstra bagasje har ein tendens til å føre til auka køar i innsjekkinga.

– Merk bagasjen skikkeleg

Lang kø foran innsjekkingsskrankene på Gardermoen

Reisande risikerer køar i innsjekkinga og tryggingskontrollen på dei travlaste dagane før jul.

Foto: Kjetil Stormark/Tipser

Flyselskapa minner også om å merke bagasjen skikkeleg, og å setje seg inn i regelverket for kva ein kan ta med seg i handbagasjen når ein går gjennom tryggingskontrollen.

NSB har sett opp 26.150 ekstra togseter til reisande i jule- og nyttårshelga. Flyselskapa SAS og Norwegian har også sett inn mange ekstrafly, spesielt mellom Oslo og andre norske byar. Dei mest populære avgangane er alt fulle, men det er framleis mogleg å få seg billett for dei som enno ikkje har skaffa seg transport heim til jul.

Det er slik at dei billegaste billettane går først, så etternølarane må nok rekne med at dei må betale litt ekstra for å kome seg heim.

NSB-tog forbi Hallingskarvet.

NSB har sett inn fleire ekstratog i samband med juletrafikken. Her frå Bergensbanen med Hallingskarvet i bakgrunnen-

Foto: Rine Fossum / NSB

– Vi ser at fredag 22.- og laurdag 23. desember er dei store reisedagane i år, og fleire av regiontoga nærmar seg utselt. Det gjeld også på ein del avgangar 21. desember. Det kan vere ledig på delar av strekninga og på enkelte tog. Men det hastar med å bestille, seier informasjonsrådgjevar Liv Eggebø i NSB til NRK.

Ekstratoga blir sette opp på Bergensbanen, Rørosbanen, Dovrebanen, Nordlandsbanen.

Siri svarte om juleværet: – Det kan bli uhyggelig

Fredag er toppdagen

– Vi har sett opp ekstra ruter og auka bemanninga i jula på grunn av den store etterspurnaden, særleg i innanlandstrafikken. Den største utfartsdagen er 22. desember, og då har vi fleire ekstra flygingar frå Oslo til andre norske byar, seier kommunikasjonsrådgjevar Fatima Elkami i Norwegian til NRK.

Flytrafikk

Norwegian og SAS har sett opp fleire ekstrafly i samband med juletrafikken.

Foto: Rainer Prang / NRK

Ho fortel at det enno er ledige billettar på ein del avgangar, men at det no hastar for dei som er seint ute. I dagane før jul er det mest trykk på innanlandsflygingane, men att utalandstrafikken aukar på i romjula.

Dei mest populære reisemåla i romjula er København, London og Berlin.

Born reiser åleine

Kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS opplyser at dei har ledige plassar i dagane fram til jul, men at det er bort imot fullt på ein del avgangar. Færrast ledige billettar er det på strekningane frå Oslo til Nordvestlandet og frå Oslo til Trondheim og Nord-Noreg.

For dei som er fleksible på avreisetidspunkt er det framleis håp om å få billettar.

Han seier at dei har spesielt fokus på dei fleire tusen borna som reiser åleine i jula. Dette er born som reiser frå ein forelder til den andre forelderen i julehelga, og så reiser dei tilbake i romjula for å feire nyttår.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger