Hopp til innhold

Full usemje om væpning på Gardermoen: – Det fornuftige er at politiet har våpen

Luftfartsdirektøren går hardt ut mot utvalet som går inn for å nekte politiet på Oslo lufthamn å bere våpen. – Det blir heilt feil at politiet må springe ut i ein bil eller inn på eit lager for å hente våpen, seier luftfartsdirektør Lars Kobberstad.

OSL

– Det er dessverre slik at flyplassar og norsk luftfart er eit mogleg og attraktivt terrormål. Det er store avstandar på dei største flyplassane og det er fornuftig at politiet der er væpna, seier luftfartsdirektøren.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Direktør i Luftfartstilsynet, Lars Kobberstad, er fullstendig usamd i konklusjonen til Bevæpningsutvalget som tidlegare i år gjekk inn for at politiet på landets største flyplass ikkje bør ha våpen.

Men det stoppar ikkje der. Luftfartsdirektøren er også svært kritisk til grunnlaget for vurderingane deira:

«Det kan se ut som om utvalget ikke har lagt tilstrekkelig vekt på den generelle utviklingen i risikobildet,» skriv Luftfartstilsynet i eit høyringssvar. Dei meiner utvalet skapar «et inntrykk av at luftfart ikke er spesielt attraktivt som terrormål.»

– Utvalet har basert seg på rapportar frå 1998 og fram til 2011. Seinast i fjor var det to hendingar på europeiske flyplassar, ein i Belgia og ein i Tyrkia. Høvesvis 32 og 45 vart drepne og fleire hundre såra. Vi meiner at desse to hendingane ikkje er tekne tilstrekkeleg omsyn til når utvalet har gjort sine vurderingar, seier Kobberstad.

– Fornuftig med væpna politi

Luftfartsdirektøren meiner trusselbiletet i Europa gjer at det er naudsynt med fast væpna politi på dei største flyplassane.

– Det er dessverre slik at flyplassar og norsk luftfart er eit mogleg og attraktivt terrormål. Det er store avstandar på dei største flyplassane og det er fornuftig at politiet der er væpna, seier Kobberstad.

– Hendinga i Tyrkia varte i 90 sekund, men likevel blei 45 drepne. Det viser kor viktig det er at politiet har våpen i nærleiken, seier han.

Tre terroristar blei skotne av væpna tryggleiksvakter.

– Det er faktisk slik at kvart einaste sekund tel og då meiner vi det blir heilt feil at politiet må ut i ein bil eller inn på eit lager å hente våpen før dei kan aksjonere, seier luftfartsdirektøren.

Verneombodet på Gardermoen politistasjon meiner situasjonen er alvorleg og risikoen stor når politiet i verste fall må springe oppimot 2,6 kilometer for å hente våpen i politibilane i ein akuttsituasjon.

Politimeisteren i Øst politidistrikt går også inn for punktvæpning på Oslo lufthamn, altså at alle patruljane på flyplassen har våpen i beltet, og har tatt dette vidare til Politidirektoratet. Men direktoratet har no sendt brevet i retur og bede politimeisteren om å sjå på andre alternativ.

Slår alarm om sikkerheten på Oslo lufthavn

VIDEO: Verneombodet på Gardermoen politistasjon etterlyser væpning av politiet på Oslo lufthamn.

Hadde våpen fram til 1998

Politimeister Steven Hasseldal i Øst politidistrikt meiner framskoten lagring av våpen i politibilane er ei god løysing for politiet generelt, men at det ikkje eignar seg for politiet på Oslo lufthamn.

Steven Hasseldal

Politimeister Steven Hasseldal i Øst politidistrikt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg meiner punktvæpning er det riktige. Flyplassar er eit terrormål i seg sjølv og det er store avstandar dersom det oppstår noko akutt, seier Hasseldal til NRK.

På 90-talet var politiet på Fornebu flyplass og Gardermoen væpna, men dette blei avvikla i 1998 grunna «endra samfunnsbilete». I «Reglementet for politiet i lufthavnene» frå 1993, som NRK har fått innsyn i, står det at det er «ønskelig at politiet utfører bevæpnet patruljetjeneste.» Dette for at politiet alltid skulle «være i stand til å gjøre en første innsats ved en alvorlig kriminell handling på lufthavnen.»

– Det er eit tankegods at politiet hadde våpen på Fornebu. Det er berre Noreg og Island som ikkje har væpna politi på hovudflyplassane sine. England, som også har eit generelt uvæpna politi, har politi med våpen på alle flyplassane sine, også dei små, seier Hasseldal.

POD: – Er i dialog

Jørn Schjelderup, seksjonssjef i Politidirektoratet (POD), stadfestar at dei har returnert kravet til politimeisteren.

– Det er ikkje konkludert i denne saka enno. Vi er i dialog med Øst politidistrikt for å vurdere om det er alternativ til permanent væpning. Dersom vi kjem fram til at det er behov for det, vil det bli fremja som sak for departementet, seier Schjeldrup.

Til det svarer Hasseldal:

– Vi har allereie sett på alternativ, men er no i gang med å sjå på dette igjen. Vi har gjort det før, men vil no gjere ei grundigare utgreiing av alternativa. Vi har starta og skal sjå kva vi finn ut, seier han.

Schjeldrup i Politidirektoratet seier at verken politiet, Politidirektoratet eller Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å ta avgjerda.

Dagens våpeninstruks for politiet må endrast dersom politiet på Gardermoen skal væpnast permanent. Det kan bli politisk fleirtal for ei slik endring. Kristeleg Folkeparti og Venstre har opna for at dei vil støtte Høgre og Framstegspartiet.

Utvalsleiar: – Det er eg heilt usamd i

Leiar av Bevæpningsutvalget, Anne Kari Lande Hasle, seier dei ser luftfarten som eit attraktiv terrormål, men at flyplassar har ei rekkje andre tryggingstiltak enn væpna politi.

Bevæpning i politiet.

Leiar av Bevæpningsutvalget, Anne Kari Lande Hasle, seier ho er usamd med Luftfartstilsynet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi har sett spesielt på luftfarten og flyplassar i vårt arbeid. Det er kjent at flyplassar har hatt ein eigen tiltrekking av terroristar, men det har også ført til at flyplassar har utvikla seg ganske mykje.

– Kva meiner du om kritikken frå Luftfartstilsynet om at de ikkje har nytta nok oppdatert informasjon om risikobiletet?

– Det er eg heilt usamd i. Vi hadde møter med Luftfartstilsynet for å få mest mogleg informasjon. Det er nok varemerket til dette utvalet, at vi har søkt å få ny informasjon og gamal informasjon for å kunne trekkje dei lange linjer.

– Er det ikkje litt utdatert å basere seg på informasjon frå 1998-2011?

– Det kan verke slik, men det er den nyaste informasjonen som var. I tillegg har vi supplert med informasjon og dersom Luftfartstilsynet ikkje har gitt oss ting som dei måtte sitte på, så beklager eg det. Vi har følgt veldig godt med og også søkt i alle forskingsmiljø. Vi har også hatt kontakt med PST, seier Hasle til NRK.

– Vi har hatt tett kontakt med PST om det er noko vi har trengt å vite. Det er naturleg at PST kjem med ei ny trusselvurdering dersom biletet endrar seg, og den væpningsordninga norsk politi har, gjer at ein på veldig kort tid kan vere væpna.

– Kva tenkjer du om at politiet tidlegare hadde våpen på hovudflyplassen?

– Det må vere lenge sidan og då må det ha blitt tatt andre vurderingar enn vi har gjort. Vi meiner at sjølve våpendepotet til politiet må vurderast på nytt, om det skal vere i bilen eller om ein skal ha bestemte depot på området. Flyplassen må også utformast slik at ein kan unngå store unødige folkemengder, seier Hasle.

Politiet som vokter landets hovedflyplass risikerer å måtte løpe langt for å hente våpen i en akuttsituasjon.
Regjeringen og støttepartiene KrF og Venstre er ikke avvisende til en permanent politibevæpning på Oslo lufthavn. – Vi må lytte til politiet, sier statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg (H) uttalte i staten av september at ho meiner politiet på Oslo lufthamn bør ha våpen.

AKTUELT NÅ