Støre ut mot regjeringas «ostehøvelkutt»: – Ein feig strategi

Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil droppe flate kutt i offentleg sektor. Det meiner Siv Jensen han ikkje har råd til.

Viss Ap-leiar Jonas Gahr Støre får makta, lovar han at det er slutt på «ostehøvelkutt» i offentleg sektor. Han meiner kutta vi har sett under dagens regjering har gått ut over dei tenestene dei offentlege skal yte.

– Dette er eit uttrykk for at ein ikkje prioriterer. Det blir kutta like mykje i kriminalomsorga, sjukehusa og politiet. Det er ein feig strategi fordi det sender ikkje signal om kva som er viktig og kva som er mindre viktig, sa han i Politisk kvarter fredag.

Støre kom med utspelet sitt om «ostehøvelkutt» på LO Stats Kartellkonferanse på Gol onsdag. Det Støre siktar til er altså regjeringas avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, også kalla ABE-reforma.

Vil framleis effektivisere

Reforma går ut på at det kvart år skal kuttast 0,5 prosent i driftsbudsjetta til offentleg sektor.

Hensikta er å auke handlingsrommet til regjeringa til å gjennomføre nye, politiske prioriteringar i statsbudsjettet. Forventa innsparing i 2019 er 1,7 milliardar kroner.

Men sjølv om Ap er kritisk til flate kutt i det offentlege, vil ei eventuell raudgrøn regjering halde fram effektiviseringa av offentleg sektor, seier Støre.

– Vi skal framleis effektivisere, men på ein annan måte. Vi skal gjere dette ved å prioritere og saman med dei tilsette i offentleg sektor finne nye måtar å løyse oppgåvene på. Men vi kjem ikkje til å bruke denne metoden som seier at alle skal ha dei same flate kutta.

Meiner Ap ikkje har råd

Men finansminister og Frp-leiar Siv Jensen trur ikkje Støre og ei eventuell raudgrøn regjering vil kunne klare å legge om politikken. Ho meiner dei rett og slett ikkje har råd.

– Norsk økonomi er på veg inn i ein normalsituasjon, og då må vi som politikarar prioritere mykje hardare enn det vi har gjort dei siste ti-femten åra. Og då må vi effektivisere og ha fokus på reformer.

Siv Jensen legger fram statsbudsjettet 2020.

Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen avviser at effektiviseringsreforma er ein kuttreform. Sjølv om det offentlege har kutta 0,5 prosent i driftsbudsjetta kvart år sidan 2015, har regjeringa også løyva meir pengar til mange sektorar over statsbudsjettet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Men sjølv om det offentlege har måtte effektivisere med 0,5 prosent kvart år sidan 2015, har dei løyva pengar til prioriterte formål over statsbudsjettet, understrekar ho.

– Politiet har hatt vekst, sjukehusa har hatt vekst, kommunane har hatt vekst, men i botn må ein også effektivisere drifta og tenke gjennom om pengane blir brukt rett, eller er det mogleg å få litt meir ut av pengane.

– Går ut over velferda

Støre er kritisk til at det blir kutta i tenester som løyser viktige samfunnsoppgåver som domstolane, Nav og kriminalomsorga.

– Kuttar du i domstolane, aukar køane i domstolane. No får du strafferabatt for å stå i kø i domstolane. Kuttar du pengar til Nav, blir det færre menneske til å behandle og få folk ut i jobb. Og kuttar du pengar i kriminalomsorga, som de gjer kvart einaste år, blir det dårlegare oppfølging av dei som kjem ut av fengsel. Dei kan bli farlegare når dei kjem ut. Det er ei dårleg løysing.

vitneboks

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier regjeringa si effektivisering av offentleg sektor har ført til at folk for strafferabatt medan dei står i kø i domstolane.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Men Jensen kjenner seg trygg på at dette er ei reform som bidreg til ei god omstilling i det offentlege, og meiner Støre tek feil når han seier at regjeringa kuttar i velferdstenestene.

– Dette er ein reform som fører til kulturendring i dei statlege etatane. Det handlar ikkje om å spare i tenester, men å sjå om ting kan driftast på ein annan måte, seier Jensen.

SISTE NYTT

Siste meldinger