Statssekretær Per Rune Henriksen i olje- og energidepartementet seier det er feil at regjeringa har sagt nei til å opne områda rundt Jan Mayen for oljeleiting.
Foto: ArbeiderpartietSolhjell var måndag direktegjest i NRK Dagsrevyen etter at regjeringa tidlegare på dagen varsla at dei denne veka vil legge fram forslag om å opne søraustlege deler av Barentshavet for petroleumsverksemd.
Miljøvernministeren var i ferd med å forklare kvifor det sjølverklærte miljøpartiet SV stiller seg bak det som er den første opninga av eit nytt leiteområde sidan 1994, då han kom med denne utsegna:
– Har ikkje konkludert rundt Jan Mayen
– Regjeringa har sagt eit ja og eit nei dei siste vekene. Ja til opning av søraustlege deler av Barentshavet, men nei til opning av Jan Mayen. I tillegg har vi sagt nei til opning av Lofoten i løpet av dei siste åra, sa Solhjell.
Men denne sanninga vil ikkje alle i regjeringa vere med på. Statssekretær Per Rune Henriksen i olje- og energidepartementet seier det er feil at regjeringa har sagt nei til å opne områda rundt Jan Mayen for oljeleiting.
– Regjeringa har ikkje konkludert når det gjeld Jan Mayen. Vi hadde tatt sikte på å fremje ei opningssak før sommaren i år, men ser no at vi treng meir tid, og har difor bede Oljedirektoratet arbeide vidare med ressursestimata, seier Henriksen til NRK.
– Ønskjer ikkje delta i offentleg krangel
På direkte spørsmål frå NRK sin reporter om Solhjell lyg på riksdekkjande fjernsyn, svarer Ola Borten Moe si høgre hand kort:
– Ingen kommentar.
NRK hadde måndag kveld ein intervjuavtale med Solhjell, som for tida oppheld seg i Kristiansand. Kort tid før avtalen kom det kontrabeskjed frå Miljøverndepartementet om at Solhjell likevel ikkje ønskja å imøtegå påstandane frå Henriksen.
– Solhjell står inne for det han sa i Dagsrevyen, men ønskjer ikkje å delta i det som blir ein offentleg krangel med ein statssekretær frå eit anna departement, seier miljøvernministeren sin politiske rådgjevar Audun Garberg til NRK seint måndag kveld.