NRK Meny
Normal

Fryktar ny dødssommar på norske vegar

Sommartrafikken tok i fjor fleire liv enn på mange år, og i år kan tala bli endå styggare. – Vi har alle ressursane våre ute på vegane for å ta verstingane, seier UP-sjef Runar Karlsen.

UP-sjef Runar Karlsen

– Vi har alt tilgjengeleg mannskap ute på vegane i sommar, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

I fjor var det ein auke i trafikkulukker i forhold til året før på 30 prosent. Dessverre ser det ut til at auken vil halde fram i år. Første halvår i år miste 75 personar livet i trafikken, og det var to fleire enn same periode i fjor. I juni miste 14 menneske livet i trafikken, og hittil i juli er talet minst åtte.

Både UP-sjef Runar Karlsen og Trygg Trafikk-direktør Jan Johansen er uroa over tala, og dei fryktar ein ny ulukkessommar. Statistikken viser at ein tredel av alle trafikkulukkene i løpet av eit år skjer i løpet av juni, juli og august.

Lågaste sidan 1950

I 2012 var talet på omkomne i trafikken det lågaste sidan 1950, I fjor steig talet igjen, og det var i juli og utover at den kraftige auken kom. I alt omkom 187 menneske i trafikken i fjor. I august i fjor miste 11 fleire i trafikken enn i august året før.

– Det er mange som tek sjansar i trafikken, og derfor er den innsatsen vi gjer ute på vegane svært viktig. Vi greier ikkje å ta alle, men vi tar ein del av dei. Og mange veit at vi er der, og det gjer at dei ikkje torer å ta sjansar dei elles ville teke, seier Runar Karlsen til NRK.no.

Han fortel at Utrykningspolitiet (UP) har 160 patruljar ute på vegane over heile landet, og at rundt ein firedel av dei er sivile. Dei fleste av dei sivile bilane har utstyr for videomåling, og at det gjer jakta på trafikksyndarane langt enklare. Dei sivile bilane, der ingen politisymbol er synlege, er der for å ta verstingane i trafikken.

LES OGSÅ: Her ryk førarkortet i 160 km/t

Her skjer sommarulukkene

– Til fare for andre

Instruksen deira er å slå ned på køyring som kan vere til fare for andre i trafikken, og det viser seg at det er ein del trafikantar som utgjer ein fare både for andre og seg sjølve.

– Først og fremst konsentrerer vi oss om fart og rus. Dette er den viktigaste enkeltfaktoren vi har når det gjeld alvorlege ulukker i trafikken. Hadde vi fått bort ruskøyringa og råkøyringa hadde vi også fått bort svært mange alvorlege ulukker, seier Runar Karlsen.

I juni år la Vegdirektoratet fram ein rapport om dødsulukkene i trafikken i fjor. Konklusjonen er klar: Høg fart er ei årsak som dominerer i meir enn tre ulukker. Samanhengen mellom fart og alvorlege ulukker er sterk.

I nesten 70 prosent av ulukkene er førarfeil den viktigaste årsaka, går det fram av rapporten .

Tryggleik på ferieturen

75 omkom første halvår

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at i alt 75 menneske omkom i trafikken her i landet i første halvår, og det er to fleire enn første halvår i fjor, men 24 færre enn det som var snittet for perioden januar-juni dei siste ti åra.

Berre i juni omkom 14 menneske, medan 29 vart hardt skadde . Snittet for juni dei siste fem åra er 20 omkomne og 84 hardt skadde.

LES OGSÅ: Her er UPs råd for en trygg sommertrafikk

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger