Hopp til innhold

Fryktar snøkaos på Austlandet måndag

Vinteren kjem på ein snarvisitt til Austlandet måndag. Meteorologane åtvarar om at snøen kan leggje seg på vegane frå 100 til 200 meter over havet.

Ambulanse av veien Kolvereid

Det var såpeglatte vegar i Trøndelag i dag. På Kolvereid gjekk ein ambulanse rundt.

Foto: Tipser

I dag var det store delar av Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland som vaka opp til snø. I morgon kjem turen til Austlandet, men statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe seier at det ikkje er snakk om same vêrsystemet.

– Det som har kome i Trøndelag og Møre og Romsdal er snøbyer frå nordvest. Det som kjem på Austlandet måndag er meir samanhengande nedbør over eit større område. Måndag blir det lite nedbør i nordvest, men dei får kald nordavind, seier Alsvik Walløe.

Værvarsel mandag 25.4 2017

Det kan bli mykje nedbør i Sør-Noreg måndag.

Foto: yr.no

OBS-varsel

Glatte veier ved øvre toppenhaug i Bærum

Det er fare for glatte vegar over 100 meter over havet måndag på Austlandet.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for fylka Telemark, Østfold, Vestfold, Oslo, Akershus og Buskerud. Samstundes åtvarar meteorologane om at det er fare for grasbrann i snøfrie område.

Nedbøren på Austlandet vil kome som sludd og kanskje også regn på kysten, men frå 100 meter over havet og oppover vil truleg snøen leggje seg på vegane. På Sørlandet vil det verste vere over i løpet av natt til måndag, medan nedbøren vil prege vêret på Austlandet det meste av måndagen.

Terje Alsvik Walløe fortel at det er uvanleg kaldt over heile Nord-Europa for tida. Dei kalde luftmassane hindrar at det kjem varmluft inn frå sør, fortel han.

– Det er sikkert mange som har skifta om til sommardekk på bilen. Ved kysten kjem ikkje snøen til å leggje seg, men innover i landet er det stor fare for glatte vegar, seier statsmeteorologen.

Mest i Buskerud

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe peikar på nedbørsområdet som kjem inn over Austlandet måndag.

Foto: NRK

Han trur dei største nedbørsmengdene vil kome sørvest for Oslo, og kanskje mest i Buskerud. Der må folk rekne med 10 til 15 millimeter nedbør i løpet av dagen, legg han til.

Her er vêrvarselet for Austlandet og Telemark måndag:

Austlandet og Telemark: Østlig bris, på kysten auke til sørøstlig liten kuling. Snø i vest, seinare også i øst, sludd og kan hende regn nær kysten. Mest nedbør sør for Lillehammer. Frå måndag ettermiddag frisk bris mellom nordvest og nordaust, kortvarig liten kuling utsette stader. Utover ettermiddagen lettare vær, først i vest. Litt stigande snøgrense i sør.

Les oppdatert vêrvarsel på Yr .

AKTUELT NÅ