Hopp til innhold

Fryktar reise-kaos i sommar: – Det gir ei uvisse om du kjem deg av garde

Det er kaos på flyplassar i Europa allereie før sommarferien har byrja for fullt, og fleire fryktar no øydelagde feriereiser. For Nils Opsahl har utsette fly vorte meir ein vane enn eit unntak.

Det forventes lange køer på flyplassar i sommar. Her fra årets påskeutfart på Oslo lufthavn.

Det forventast lange køar på flyplassar i sommar. Her frå årets påskeutfart på Oslo lufthamn.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det kan gå mot ein uroleg sommar for ferielystne nordmenn.

Ein ting er at mange ikkje får seg pass i tide til feriestart, på grunn av rundt sju vekers leveringstid. I tillegg kan innstilte fly og ombookingar øydeleggje feriereisa for folk.

– Det gir ei uvisse om du kjem deg av garde.

Det seier pensjonisten Nils Opsahl. Han og kona Anne har eit hus utanfor Nice i Frankrike. Dit reiser dei fleire gangar i året, men det skjer ikkje knirkefritt.

Han anslår at av rundt 12 reiser med SAS det siste året, har åtte av dei blitt kansellert.

Pensjonist Nils Opsahl

Pensjonist Nils Opsahl er lei av kansellerte fly.

SAS har tidlegare varsla at dei innstiller 4000 avgangar frå mai og ut august grunna ei krevjande tid etter koronapandemien. Det same gjer andre i flybransjen, blant anna British Airways.

– Det har blitt ei vane meir enn unntak

Det har skjedd ved fleire høve at Opsahl har fått melding frå SAS eit døgn før avreise om at han kan sjekke inn på flyet. For så å få ei melding eit par timar seinare om at flyet er kansellert.

– Det som irriterer meg er at dei på førehand må ha visst om kanselleringa. Kvifor trekker dei kundane inn i ein situasjon kor kunden trur at ting skal gå bra, for så å kansellere flyginga, spør han.

Fram til september har Opsahl fire reiser med SAS til feriehuset i Frankrike, og han er sikker på at iallfall ein av dei kjem til å bli kansellert.

Pensjonist Nils Opsahl i feriehuset i kanten av Nice i Frankrike.

Nils Opsahl i feriehuset sitt i utkanten av Nice i Frankrike.

Foto: Privat

– Det her er blitt meir ei vane enn eit unntak. Det irriterer meg at dei sjonglerer med kundane sine. Det er altfor dårleg.

Opsahl seier at slike kanselleringar kan føre til trøbbel vidare på reisa, men at dei er heldige som pensjonistar med tid til å handtere det.

– Men for til dømes barnefamiliar, kan dette bli kostbart.

Les også Føler seg «utpresset» av SAS: Måtte betale 16.000 for ny billett med samme fly

Harald Tom Nestvik, tidligere fiskeriminister, er svært lite tilfreds med SAS' håndtering etter reise-trøbbel.

Flykaos i Europa

SAS på si side meiner at det er mange årsaker til at ei flyging blir kansellert, men at dei alltid prøver å gjennomføre ei oppsett flyging.

Kanselleringane i sommar er planlagde endringar, slik at kunden skal bli varsla så tidleg som mogleg, seier pressesjef i SAS, John Eckhoff, til NRK.

Sas-fly på Gardermoen

SAS-Fleire SAS-fly blir ståande på bakken i sommar.

Foto: Helge Carlsen / NRK

SAS-kanselleringane dreier seg om endringar i 5 prosent av oppsett trafikkprogram i periode mellom mai og august – og vil råke 4.000 av 75.000 flygingar.

– Dei aller fleste reisande vil ikkje merke dette på annan måte enn at dei vil bli ombooka til eit fly innan nokre timar eller same dag, seier Eckhoff.

Det er ikkje berre SAS som reknar med trøbbel i sommar. I det siste har fleire flyplassar opplevd kaos på grunn av at dei slit med mangel på personale. Det fører igjen til kanselleringar og utsetjingar.

Jans Jørgen Elnæs, flyanalytiker

Hans Jørgen Elnæs jobbar som flyanalytikar i Winair.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Flyanalytikar i Winair, Hans Jørgen Elnæs, fortel til NRK at sju av ti flyplassar i Europa reknar med forseinkingar i sommar.

– Eg trur nok vi må rekne med at veldig mange kjem til å oppleve at det er veldig mange fleire folk på flyplassane enn vi er vant til, seier han.

– Ikkje nok folk på jobb

Kanselleringane er ein konsekvens av pandemien, meiner Elnæs. Under pandemien vart rundt 5000 personar sagt opp i SAS – omtrent 40 prosent av staben. Dette var tilsette i fleire funksjonar, både på bakken og i lufta.

– I tillegg har fleire selskap ikkje fått levert dei flya dei skal ha, og så har ein hamna i ein situasjon der ein manglar fly og mannskap til å gjennomføre det programmet ein har planlagt, seier Elnæs.

Feriebilete av Porto i Portugal.

Porto i Portugal er et yndet reisemål for mange nordmenn.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Flyplassane vart også hardt ramma under pandemien, og måtte ty til permitteringar av fleire tilsette i viktige roller. Dette gjeld mellom anna dei som jobbar i tryggingskontrollen og med bagasjehandtering.

Fleire av dei kom aldri tilbake.

– Dermed må det trenast opp nye, og dei skal også tryggingsklarerast. Dette tek tid, og dei er rett og slett ikkje nok folk på jobb, seier Elnæs.

Må vere førebudd på ein uroleg sommar

Nordmenn er godt i gang med å ta tilbake tapt reisetid, viser statistikk frå SSB.

I løpet av januar, februar og mars i år er nivået for innanlandsreiser tilbake som før pandemien, medan talet på utanlandsreiser er litt lågare.

Feriebilete av to solsenger på stranden i Tersanas på Kreta i Hellas.

Med passkrise og kansellerte fly kan sommarferien i år bli usikker. Her frå solsenga på Kreta.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier at reisande burde vere førebudd på at sommarferien blir litt uroleg, og kan innehalde kansellerte fly eller nye rutetider.

– Det kan vere litt meir usikkerheit, og klabb og babb enn det vanlegvis pla å vere. Marknaden starta opp att etter to år med pandemi, så litt tolmod må til, seier Iversen.

Likevel påpeikar han på at du som reisande har rettar uansett.

Om flyet ditt blir kansellert, har flyselskapet ei plikt til å skaffe deg nye billettar snarast mogleg, fortel Iversen.

Jurist Thomas Iversen i Forbrukerrådet

Jurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet

Klarar ikkje selskapet det med eigne fly, har du på nokre vilkår rett på å bli booka med eit anna selskap. Du kan også velje å få pengane tilbake, men då er reisa avlyst og du må bestille ny.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger