NRK Meny
Normal

Fryktar katastrofe for sjøfugl i Barentshavet

– Det er hårreisande at regjeringa let Statoil ture fram i Barentshavet utan krav til kor mykje sjøfugl det kan vere i leiteområdet. Det seier leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen etter å ha fått avslag på klage med krav om strengare vilkår.

Polarlomvi i flukt på leting etter mat i Barentshavet

Polarlomvi på leiting etter mat i Barentshavet.

Foto: Hallvard Strøm / Norsk Polarinstitutt

Statoil driv denne sommaren leiteboring etter olje fleire stader i Barentshavet. Ein av leitebrønnane er Korpfjell, som ligg i nordaust, rundt 37 kilometer frå grensa til Russland og cirka 415 kilometer frå fastlands-Noreg.

Greenpeace har klaga på Miljødirektoratet si avgjerd om å gje løyve til leiteboring her. Årsaka er blant anna at organisasjonen meiner det ikkje er tatt godt nok omsyn til sjøfugl i området.

Songa Enabler

Songa Enabler leitar etter olje i Barentshavet denne sommaren.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Alvorlege konsekvensar for fugl

No har Klima- og miljødepartementet avvist klaga.

Leder i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen

Leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Dersom det skjer eit oljeuhell under boringa i Barentshavet, vil det kunne få alvorlege konsekvensar for enorme mengder sjøfugl, fordi Statoil borar i det som ny forsking viser er eit sannsynleg oppsamlingsområde for sjøfugl frå heile Barentshavet, seier leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

– Omsynet til sjøfugl på ope hav er mykje svakare enn under tilsvarande boringar i 2014, meiner Gulowsen. Då hadde Miljødirektoratet sett ei øvre grense for kor mykje fugl det kunne vere i leiteområdet - ti individ per kvadratkilometer. No er det inga grense.

Krykkje i flukt

Krykkje i flukt med ein såkalla lysloggar – ei lett databrikke – festa til ein fotring. Fuglen er med i eit forskingsprosjekt for å kartleggje kvar han oppheld seg gjennom året.

Foto: Morten Ekker / Miljødirektoratet

Høgare beredskap

– Det er vanskeleg å registrere sjøfugl over så store område, seier politisk rådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte (H). Derfor meiner vi det er betre å heller stille strengare krav til oljevernberedskapen, seier han.

Politisk rådgiver i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte (H)

Politisk rådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte (H).

Foto: Odd Iversen / NRK

– Når vi har avslått klaga, baserer vi oss på faglege råd frå Miljødirektoratet, seier Holte. Vi stiller no krav om tre oljevernsystem i staden for to, og kravet til kort responstid i samband med ei eventuell ulukke er skjerpa. Når ein driv med menneskeleg aktivitet er det alltid ein fare for forureining, men dei krava vi stiller er gode nok, etter vår vurdering, seier Holte.

– Katastrofe uansett

Men Greenpeace meiner tiltaka ikkje held mål.

– Dette er ein brønn som er lenger unna land enn Noreg nokon sinne har bora. Det er klart ein må ha litt ekstra beredskap, seier Gulowsen. Men dersom det skjer ei ulukke i eit område med mykje fugl, vil det vere ein katastrofe uansett. Det avgjerande må vere at det ikkje skal vere lov å bore dersom det er veldig mykje sjøfugl på vatnet. Men dette verkar det som Statoil og departementet ikkje bryr seg om, seier han.

– Kva skjer vidare, etter at avslaget er eit faktum?

Greenpeace protest i Barentshavet

Aktivistar frå Greenpeace på skipet Arctic Sunrise demonstrerer frå gummibåtar ved Statoil-riggen Songa Enabler på Gemini-feltet i Barentshavet.

Foto: Will Rose / © Will Rose / Greenpeace

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal gjere. Eg hadde verkeleg trudd at ministeren ville setje foten ned og i alle fall setje ei grense for kor mykje sjøfugl det kan vere før ein kan bore etter olje. Dersom han står fast ved dette, må vi gjere vårt, og kanskje vi blir nøydde til å stoppe oljeboringa sjølve, seier Gulowsen.

Greenpeace har allereie markert sitt syn ved Statoil sin rigg Songa Enabler. Dei planlegg fleire aksjonar i Barentshavet gjennom sommaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger