Hopp til innhold

Fryktar dei raud-grøne stansar nye vegprosjekt dersom dei får makta

Store, viktige vegprosjekt er i fare dersom SV og MDG får ei hand på rattet i samferdslepolitikken etter valet, meiner statsminister Erna Solberg. Heller tryggare kvardagsvegar, svarer SV.

Statsminister Erna Solberg saman med prosjektleiar for E39 Svegatjørn-Rådal (Os-Bergen), Kelly Iversen.

Erna Solberg fekk laurdag omvising på nye E39 Svegatjørn-Rådal av prosjektleiar Kelly Iversen (t.v.) i Statens vegvesen.

Foto: Eivind Molde / NRK

Statsministeren prøvekøyrde i dag ein av dei nye tunnelane mellom Os og Bergen.

Prislappen er på over 9 milliardar kroner, og prosjektet skal stå ferdig neste år.

– Det er eit kjempeprosjekt som vil løyse eit av Bergens største trafikkproblem, seier Erna Solberg (H).

No fryktar Høgre-statsministeren for kva som vil skje med liknande vegsatsingar dersom dei raud-grøne vinn valet i september.

– Det vil bli stopp på store, viktige prosjekt, og vi veit ikkje kva som blir resultatet av det, seier Solberg.

Nye prosjekt kan gi 7400 nye jobbar

Nasjonal transportplan (NTP), med ei totalramme på 1200 milliardar kroner, blei i sommar vedtatt av Stortinget.

Denne satsinga kan gi omkring 7400 nye jobbar dei neste tolv åra. Det viser ein rapport som Samfunnsøkonomisk analyse har laga på oppdrag frå Høgre.

Statsminister Erna Solberg inne i Lyshorntunnelen (9,3 km) på ny E39 Svegatjørn-Rådal (Os-Bergen).

Den nye vegen mellom Bergen og Os vil korte ned køyretida frå 30 til 17 minutt.

Foto: Eivind Molde / NRK

Store vegprosjekt fører ikkje berre til tryggare og enklare vegar for folk – det skapar også økonomiske ringverknadar, meiner Solberg.

– Det er mykje arbeidsplassaktivitet knytt til ei stor satsing på veg, seier ho.

Fryktar byggestopp

Samtidig fyrer Solberg laus mot dei raud-grøne, som ho meiner vil kunne innføre ein potensiell byggestopp.

– SV ønsker å bygge mindre veg og ha mindre av dei store prosjekta. Det har veldig mykje å seie for utviklinga på Vestlandet og kostnadsutviklingane. Viss MDG får makta, vil dei heller ikkje bygge store vegar framover, seier Solberg.

Statsminister Erna Solberg på valkamp i Nygårdsparken i Bergen saman med tidlegare ordførar Trude Drevland.

Samferdsle er ei viktig sak i Høgre sin valkamp. Her er Solberg på valkampopning for Bergen Høgre saman med tidlegare ordførar Trude Drevland.

Foto: Eivind Molde / NRK

Partileiar i SV, Audun Lysbakken, meiner regjeringa prioriterer feil i dagens samferdslepolitikk. Kjem SV til makta, vil dei Hordfast, altså ferjefri E39, til livs.

– Det Erna Solberg gjer ved å påskunde Hordfast, er å setje dei andre prosjekta i fare, seier han.

Vil ha tryggare distriktsvegar

Lysbakken meiner det er langt viktigare å sikre rasutsette vegar rundt om i landet, som blant anna vegen mellom Arna og Voss.

Audun Lysbakken i SV

Lysbakken vil flytte pengar frå motorvegar til togbane og betre vegar i distrikta.

Foto: Alem Zebic / NRK

– Det er kjempeviktig for oss å få ein samferdslepolitikk som er prioriterer det som er viktigast. Det er miljø og tryggleik. Vi vil ha trygge kvardagsvegar i distrikta, større jernbanesatsing og kollektivtransport i byane, opplyser Lysbakken.

– I staden for den veldig dyre og miljøfiendtlege motorvegsatsinga, som i stor grad handlar om å bygge digre vegar inn mot dei store byane, som Høgre vil ha det, legg han til.

– Regjeringa som set arbeidsplassar i fare

– Det stemmer at vi vil stanse motorvegar inn til byene, og flytte pengane til massiv satsing på tog, kollektivt, sykkelvegar og ladestasjonar til elbil, samstundes som vi foreslår meir enn regjeringa til å rassikre og oppgradere fylkesvegar over heile landet, svarer partileiar i MDG Une Bastholm.

Ifølgje Bastholm vil grøn omstilling og massiv togbygging skape arbeidsplassar.

– Tusenvis av oljejobbar vil forsvinne dei neste åra, men regjeringa har ingen plan for korleis desse skal erstattast. Det er difor regjeringa som set arbeidsplassar i fare, skriv Bastholm.

AKTUELT NÅ