Hopp til innhold

Fryktar udemokratiske reglar gir lærar-ja

Innan onsdag må lærarane stemme ja eller nei i uravstemning. Dei mest kritiske er redde for at avstemningsreglane gjer at det blir ja uansett.

Informasjonsmøte, Ugla ungdomsskole

SPØRSMÅL: Leiaren for Utdanningsforbundet i Trondheim, Geir Røssvoll, besøkte Ugla ungdomsskole onsdag denne veka.

– Eg trur det er lite sannsynlig at det blir eit bindande nei i uravstemninga, men eg håpar på det likevel, seier lærar Pål Are Vorren ved Sandbekken ungdomsskole i Rælingen i Akershus til NRK.

Han er sterkt kritisk til den nye arbeidstidsavtalen med KS som mellom anna vil krevje at lærarane er 7,5 timar på skulen dagleg.

Treng stor deltaking

Vorren

SKEPTISK: Pål Are Vorren er kritisk til uravstemningsreglane.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Men læraren, som har vore ein aktiv lokal tillitsvalt, er også kritisk til sitt eige forbund. Vorren mislikar reglane for uravstemning i Utdanningsforbundet.

Reglane gjer det nemlig svært sannsynlig at avstemningsresultatet ikkje kjem til å vere bindande.

Vedtektene til lærarorganisasjonen seier at resultatet berre er bindande dersom halvparten av alle dei 94.000 som har røysterett stemmer for det eine alternativet.

Altså må det over 47.000 nei-stemmer til for å gje eit bindande nei.

Alternativt seier vedtektene at to tredelar av dei med røysterett må ha avlagt stemme for at resultatet skal vere bindande. Altså: Viss 63.000 medlemmer avlegger stemme må sentralstyret følgje det svaret fleirtalet har gitt.

Slik oppslutning har ikkje forbundet vore i nærleiken av i tidlegare uravstemningar. Altså er det ganske sannsynlig at sentralstyret i Utdanningsforbundet vil site med eit avstemningsresultat som berre er rådgjevande.

– Udemokratisk

Det uroar Vorren og hans kampfellar på nei-sida.

– Så lenge det er moglegheit for at dei ikkje følgjer rådet, så er eg litt engsteleg. For sentralstyret har gitt medlemmar råd om å stemme ja.

– Kva synest du om reglane?

– Slik det er i dag, så er det udemokratisk. Reglane passar for ein mindre organisasjon som har ein type medlemmar.

Vorren viser til at arbeidstidsavtalen for lærarar er heilt irrelevant for mange medlemmar i forbundet.

Blant dei 94.000 som har røysterett når Utdanningsforbundet skal ta stilling til tariffavtalen med KS, er riktignok dei aller fleste lærarar i grunnskulen eller i vidaregåande skule. Men det er også 13.500 barnehagetilsette og 4.500 i administrative funksjonar som har røysterett.

Skeptiske medlemmer

Denne og neste veke held Utdanningsforbundet ei rekke informasjonsmøte på skular landet over. Der informerer dei medlemmene om avtalen med KS. NRK var til stades då leiaren for Utdanningsforbundet i Trondheim, Geir Røssvoll, besøkte Ugla ungdomsskole onsdag denne veka.

– Utdanningsforbundet sentralt har akseptert eit kompromiss og lagt det ut til uravstemning. No er det de medlemmar som bestemmer om vi skal akseptere denne avtalen, innleiar Røssvoll framfor 32 lærarar som har møtt opp til klubbmøtet.

– Vi er heilt klare på at det både er positive og negative element i denne avtalen, seier han.

Blant dei 32 er det tydeleg at mange er kritiske til den framforhandla avtalen som binder meir av arbeidstida deira.

– KS veit jo at Utdanningsforbundet gir seg kvar einaste gang, seier ein av dei mest kritisk innstilte. – Arbeidstidsavtalen vår var jo viktig, det er ikkje rart folk reagerer, seier han etter Røssvoll si innleiing.

Andre er usikre.

– Det er vanskelig å svare ja når alt er så uklart og ullent, seier lærar Morten Klegseth under diskusjonen. – Denne avtalen kan jo tolkast på fleire måtar, det er fryktelig vanskelig.

Informasjonsmøte Ugla

MØTE: Mange av lærarane på Ugla ungdomsskole i Trondheim er kritiske til avtalen.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Røssvoll får også synspunkt om uravstemningsreglane.

– Her blir jo deltakinga viktig for å få eit bindande resultat. Engasjementet er stort blant lærarar, men reiser de rundt til førskulelærarar på barnehagar også for å gje informasjon? Dei blir jo viktige, seier ein av dei kvinnelige lærarane på møtet.

– Vi sender ut lik informasjon til alle, svarar Røssvoll.

Klubbleiar på Ugla, Sigrid Riise, har ei kjensle av at det går mot nei på hennar skule. – Det ser ut til at ein del her har bestemt seg på førehand, det verkar som det er nei-sida som rår litt.

Lovar å lytte

Men vil det hjelpe om Ugla-lærarane og andre norske lærarar seier nei til den nye arbeidstidsavtalen?

NRK spør leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, om korleis forbundet faktisk vil forholde seg til eit resultat som ikkje er bindande.

– Sentralstyret i Utdanningsforbundet vil legge avgjerande vekt på det fleirtalet seier i uravstemninga.

– Sjølv om det ikkje er to tredelar som deltek?

– Vi har vidareført tidlegare praksis i denne uravstemninga. Det betyr at ved høg deltaking er resultatet bindande. Ved låg deltaking er den rådgjevande. Men uansett kjem vi til å lytte til medlemmane. Svaret på om det blir streik til hausten eller ikkje det blir avgjort gjennom uravstemninga.

– Nei-aktivistane er kritiske til at avstemningsreglane gir mykje makt til barnehagetilsette og andre grupper som ikkje er berørte av arbeidstidsavtalen for lærarar. Kva svarar du dei?

– Dette oppgjeret handlar om meir enn berre arbeidstidsavtalen for lærarane. Den har eit stort økonomisk element som også gjeld barnehagelærarane. Det skulle berre mangle om ikkje dei skulle få vere ein del av denne uravstemninga, seier Lied til NRK.

AKTUELT NÅ