Siv Jensen frir til Trygve Slagsvold Vedum

Frp-leiar Siv Jensen meiner Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum har vald feil lag når han seier han vil regjere saman med Arbeidarpartiet. Ho meiner han vil få større gjennomslag ved å kome til henne.

Siv Jensen på talerstolen

Siv Jensen på talarstolen under Frps landsmøte på Gardermoen.

Foto: Berit Roald / NTB

Med eitt år igjen til valet, blei moglege samarbeidspartnarar i regjering eit tema i talen Siv Jensen heldt til Frp-landsmøtet. Jensen har tidlegare sagt at dei ikkje vil støtte ei regjering dei ikkje er ein del av sjølve.

Samtidig har ho sagt at ho vegrar seg for å gå inn i ei regjering der Venstre og KrF er med.

Men i talen sin til landsmøtet kom ho med eit frieri til Senterpartiet og partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Trygve, du høyrer frå meg neste veke.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Siv Jensen (Frp)

Siv Jensen (t.h.) meiner Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum ville fått større gjennomslag ved å samarbeide med Frp enn Arbeidarpartiet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Ho meiner det vil vere vanskeleg for Vedum å få gjennomslag for politikken sin når han kanskje også må fri til MDG, SV og Raudt for å få fleirtal.

Ho meiner Vedum har hamna på feil lag, og heller burde kome til Frp for å få gjennomslag.

– Frp samarbeider gjerne med dykk om å få betre vegar, lågare avgifter og om å sette norske arbeidsfolk, norske jobbar og norsk verdiskaping først.

Grensehandel

I talen sin sa Jensen at landet treng Frp no meir enn nokon gong. Ho er kritisk til at mange av partia no ønsker å auke skattar og avgifter.

– Det vil vere det same som å sende arbeidsplassar rett ut av landet. Med denne pandemien har vi for første gong sett kva grensehandle har betydd for statskassa.

Sverigegrensen åpner

Pandemien og dei stengde grensene har vist kor stor grensehandelen har vore. No vil Frp og Siv Jensen kutte kraftig i avgiftsnivået for å hindre handelslekkasje når grensa til Sverige opnar igjen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Jensen seier ho forstår at mange reiser til Sverige for å handle. Men dei siste månadane har norske forbrukarar i staden måtte handle i norske butikkar på grunn av stengde grenser. Det har også ført til auka midlertidig sysselsetting i Noreg.

Men dette er stillingar som vil forsvinne når grensene opnar igjen.

– Difor er svaret vårt å sette avgiftene kraftig ned, og slutte å sponse arbeidsplassar i Sverige.

Klimapolitikk

Frp-leiaren langa også ut mot klimapolitikken som både regjeringa og venstresida i norsk politikk går inn for. Ho kalla fleire av tiltaka for sløsing som set norske arbeidsplassar i fare.

Ho meiner mange av klimatiltaka som er gjennomført er sløsing, og at rekninga blir sendt til skattebetalarane.

Jensen seier det ville ha vore langt meir lønnsamt å kjøpe klimakvotar i utlandet.

I Frp sitt alternative budsjett seier Jensen at dei vil gå gjennom alle tiltaka for å sjå kva dei kostar, kva nytte dei har og om skattebetalarane får valuta for pengane.

– Det kan ikkje vere slik at berre norske politikarar set klima framfor eit prosjekt, så utløyser det ein politikarkonkurranse om å kaste skattebetalarane sine pengar etter dårlege prosjekt.

Jensen meiner Frp er eit tydeleg alternativ til dei andre partia på Stortinget når det kjem til klima.

– Vi skal vere ei stemme for alle dei som ønsker ein forsvarleg klimapolitikk. Eit alternativ for dei som er lut lei at klimatiltak skal smerte mest mogleg for folk i kvardagen.

Mindre til bistand

Frp kan få ei avgjerande rolle i behandlinga av statsbudsjettet denne hausten. Då forslaget til budsjett blei lagt fram i førre veke, sa Jensen at det låg an til tøffe forhandlingar i Stortinget.

I talen sin til landsmøtet trekte Jensen fram bilavgiftene som eit eksempel på at partiet no er ute av regjeringskontora.

– For første gong på sju år kjem det forslag om å skjerpe bilavgiftene. Igjen blir bilen eit skatteobjekt, og det er folk i distrikta og folk med dårleg råd som blir ramma hardast.

I tillegg til å redusere skattar og utgifter, kjem dei også til å stille krav til talet på kvoteflyktningar og nivået på bistand.

– I staden for sponsing av korrupte regime, vil vi bruke pengane til å få ned helsekøane, betre pensjonistanes kår og overvinne einsemd blant eldre, seier ho.

Tøffe forhandlingar

Jensen lovar tøffe forhandlingar om statsbudsjettet, og seier regjeringa må kome Frp i møte om det skal bli ein avtale.

Og sjølv om statsminister Erna Solberg fleire gongar har sagt at dei har lagt Granavolden til grunn, så vil Frp legge partiprogrammet til grunn når dei forhandlar, seier Jensen.

– Då vi sat i regjering, forhandla vi med KrF og Venstre, som tvang oss til å bli med på ting vi var i mot. No er det bildet snudd. No er det dei som skal forhandle med oss.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger