NRK Meny
Normal

Frp: – Kan vente fleire bydelar i brann med Ap i regjering

Sjølv om Oslo-politiet enno ikkje veit kven som står bak bilbrannane i Oslo, dreg Frp og Ap hendinga inn i valkampen. Frp skuldar på høg innvandring, Ap på regjeringa.

Facebook-siden til FRP om bilbrann

LIK OG DEL: Med bilete av brennande bilar spør Frp om det er slik vi ynskjer at Norge skal sjå ut.

Foto: SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK

Natt til tysdag og onsdag stod til saman 11 bilar i brann i hovudstaden. Politiet etterforskar bilbrannane som påtent, men har ingen arrestert.

Likevel har hendingane alt blitt mat for valkampen.

Mazyar Keshvari

Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Mazyar Keshvari, meiner innvandrarungdom står bak bilbrannar.

Foto: Marit Kolberg / NRK

I sosiale medium har Framstegspartiet laga ein plakat med eit illustrasjonsbilete av ein brennande bil og teksten «slik skal vi ikke ha det i Norge. Enig?».

Innvandringspolitisk talsmann i partiet, Mazyar Keshvari, seier at hendingane er eit resultat av innvandring.

– Årsaka er den massive innvandringa til Norge, trass i åtvaringar vi i Frp har kome med, seier han.

Han dreg saka inn i valkampen før politiet har kome med ei oppklaring, og seier at Jonas Gahr Støre som statsminister vil betyr meir uro i Noreg.

– Frankrike, Storbritannia, Sverige og andre land hadde ikkje bydelar i brann før innvandringa. På mange måtar er det dette vi kan vente oss meir av dersom Arbeidarpartiet kjem til makta. Det er eit direkte resultat av ein hovudlaus innvandringspolitikk over fleire år.

Han meiner det skapast meir kriminalitet og sosiale forskjellar der det busettjast mange ikkje-vestlege innvandrarar.

Også partikollega og innvandring- og integreringsminister Sylvi Listhaug er raskt ute på si Facebook-side.

Ho kallar utviklinga «svenske tilstandar», sjølv om justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) til TV2 tidlegare i år avviste at situasjonen i Oslo sine forstadar liknar det ein ser i Sverige.

– Er det riktig av ein stortingsrepresentant å bruke dette politisk, før politiet veit kven som står bak?

– Vi veit at kriminaliteten aukar med meir innvandring. Vi kan ikkje late som vi ikkje kjenner tendensane berre fordi vi ikkje er hundre prosent sikre på om det er ikkje-vestleg innvandrarungdom som står bak, seier Keshvari.

Støre: – Dette skjer på Frp si vakt

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre reagerer sterkt på Frp sine påstandar om fleire brannar dersom han vert statsminister.

Arbeiderparti-leder Jonas Gahr Støre oppsummerer.

VÅS: Ap-leiar Jonas Gahr Støre kallar Frp-utspela for kjend valkampkost

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Dette er kjend kost frå Frp og så usakleg at eg berre avviser det.

Han kastar ballen tilbake til regjeringa.

– Dette skjer på Frp si vakt. Det er dei som har justisministeren, det er dei som har ansvaret for politiet. Keshvari får rydde opp i eigne rekkjer før han kjem med slikt vås, seier Støre.

Ap-leiaren meiner Oslo stort sett har lukkast på integreringspolitikk.

– Dei får folk inn i barnehagane, inn i skule, sjølv om det finst utfordringar vi må følgje med på.

– Ligg det ingenting i det Keshvari seier?

– Dei delane av byen som har sosiale utfordringar har ofte ein høg andel innvandrarar, men utfordringane kan møtast med politikk. Problemet til regjeringa er at dei søkjer splid heller enn samling, og vil ikkje satse på integrering som verkar.

Laster kart, vennligst vent...

Sidan mai har Oslo hatt ni ulike bilbrannar ulike stadar i byen.

Arbeiderpartiet i Oslo saknar midlar

Jan Bøhler på Mortensrud

Jan Bøhler i Oslo Ap saknar midlar frå regjeringa mot ungdomsbråk.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Også Oslo Ap har brukt bilbrannen for å kritisere regjeringa for manglande tiltak mot ungdomsvald.

– Dei som jobbar med desse ungdommane treng ressursar, seier Jan Bøhler i Oslo Ap til NTB.

Han viser til at regjeringa har kutta i midlane som Nav og politiet tidlegare hadde for å motverke ungdomsvald og få ungdom tilbake på skulebenken eller i jobb.

Han innrømmer samtidig at Arbeidarpartiet, som styrer Oslo saman med SV og MDG, kunne gjort meir av førebyggjande arbeid.

Mangler "image" parameteret
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger