Tysdag skreiv NRK at koronapandemien har skapt store utfordringar for Politiets utlendingseining (PU). Utlendingar som sit i fengsel, og som har utvisingsvedtak, blir normalt sendt ut av landet rett etter soning, men koronapandemien har gjort at fleire har blitt sett fri.
Det likar ikkje Frp.
– Vi må ha eit sterkare regelverk som varetek på omsynet til samfunnet og innbyggjarane. Vår viktigaste jobb er akkurat det, og ikkje omsynet til kriminelle personar, seier Jon Helgheim, stortingsrepresentant og innvandringspolitisk talsperson i Frp.
– Vil ikkje dette bryte med Norge sine folkerettslege forpliktingar?
– Visst det skulle vere slik at folkerettslege forpliktingar pålegg oss å ha kriminelle utviste utlendingar gåande fritt, ja, då får vi utfordre disse forpliktingane, svarer Helgheim.
- BAKGRUNN:
Straffa utlendingar sporlaust borte
Utlendingane det er snakk om her har sona ferdig straffa si, men oppheld seg ulovleg i landet. I visse tilfelle kan PU internere utviste utlendingar i påvente av uttransport, men fordi koronapandemien har gjort uttransportering vanskeleg, er det i mange tilfelle umogleg for PU å vite når ein tvangsretur er mogleg.
Dei kan ikkje internere utlendingar på ubestemt tid.
Nesten alle tvangsreturar der politiet må reise saman med utlendingar har blitt sett på vent, både fordi storparten av flytrafikken har stoppa opp, men også fordi uttransportar fører til karanteneplikt for PUs mannskap.
– Situasjonen er utruleg krevjande, sa PU-sjef Arne Jørgen Olafsen til NRK i starten av oktober.
Fleire straffa utlendingar som eigentleg skulle returnerast til eit land i Midtausten 17. mars, få dagar etter at grensene stengte, blei i juni sett fri mot meldeplikt. I oktober fekk PU moglegheit til å forsøke å sende dei ut på nytt, men då var tre av dei sporlaust borte.
NRK var med då politiet leitte etter dei. Ein av dei er dømd for valdtekt. Ein anna for mellom anna uprovosert vald.
To politibetjentar frå Politiets utlendingseining leitar etter ein av mennene som er sporlaust borte.
Foto: Helge Tvedten / NRKJustisdepartementet: – Frp må få komme med dei utspela dei ønskjer
Situasjonen har ført til at utlendingar med ulovleg opphald har blitt igjen i Norge, også dei som er kriminelle og straffedømte.
Justis- og beredskapsdepartementet deler Frp sine bekymringar, men er ikkje samd i løysinga.
– Frp må få komme med dei utspela dei ønskjer. Vi forheld oss til at vi har eit regelverk, og vi vil jobbe ryddig, skikkeleg og grundig med å få uttransportert dei som skal ut, også gitt dei rammevilkåra som er no, seier statssekretær Hilde Barstad (H) til NRK.