Carl I. Hagen vil forhandle igjen. (Scanpix-foto: Bjørn Sigurdsøn)
Framstegspartiet er ikkje nøgd med forslaget frå regjeringa, men ser likevel at det kan vere grunnlag for vidare forhandlingar. Regjeringa skal ha lagt på 3,6 milliardar kroner i detten tilbodet i forhold til sist partane forhandla. Den nye runden med forhandlingar startar i morgon torsdag.
Klarsignal
Hagen gav klarsignal til budsjettforhandlingar etter eit møte med regjeringspartia sine parlamentariske leiarar i ettermiddag.
Hvoudforhandlarar når samtalane kjem i gang igjen i morgon blir Siv Jensen frå Frp, Jan Tore Sanner frå Høgre, Ingebrigt S. Sørfonn frå KrF og May Britt Vidhovde frå Venstre.
- Vi skal bruke resten av dagen på kravlista vår. Vi vil nedjustere vårt tidlegare krav på 10 milliardar kroner for å kome regjeringspartia i møte, sa Carl I. Hagen etter møtet med regjeringspartia.
Framstegpartiet gjorde det tidlegare i dag klart at dei hadde behov for å studere det nye framlegget før dei eventuelt ville seie ja til nye forhandlingar med regjeringspartia.
Bra klima
- Vi har lagt fram eit anna opplegg enn sist, og det var naturleg å gå tilbake til Framstegspartiet. Det er eit bra klima mellom oss, sa parlamentarisk leiar i Høgre, Oddvard Nilsen i føremiddag. Han vedgjekk at tida no er knapp. Finansdebatten er 26.- og 27.november. Innan då må ein budsjettavtale vere klar.
Parlamentarisk leiar i Høgre, Oddvard Nilsen.
Regjeringa har alt vore gjennom ein runde med forhandlingar med Frp, men desse vart brotne då det viste seg ikkje å vere grunnlag for eit forlik.
Seinare prøvde regjeringspartia å få til eit kmpromiss med Arbeidarpartiet, men heller ikkje her fekk regjeringa særleg respons. Til slutt vart det også gjort eit forsøk på å forhandle med Sosialistisk Venstreparti, men det vart kjapt klart at det ikkje var grunnlag for ein ny avtale.
Det er ikkje klart kva det nye tilbodet frå regjeringa går ut på. Dei parlamentariske leiarane i Høgre, KrF og Venstre la tilbodet fram for Frp-leiar Carl I. Hagen i føremiddag.