Hopp til innhold

Frp vil erstatte henne med Carl I. Hagen, no slår ho tilbake

Ho har vore Frp sin trufaste representant i Nobelkomiteen i tre periodar, men vart i går valt bort av sine eigne til fordel for Carl I. Hagen. No går ho til angrep på Hagen som kandidat.

Inger-Marie Ytterhorn

Inger-Marie Ytterhorn har vore Frp sin representant i Nobelkomiteen sidan 2000. No vert ho valt bort til fordel for Frp-veteran Carl I. Hagen. Ytterhorn meiner det er problematisk om Hagen får denne plassen samtidig som han er vara til Stortinget.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det vil setje Nobelkomiteen i ein håplaus situasjon, og komiteen vil ikkje lenger vere ein uavhengig institusjon, seier Inger-Marie Ytterhorn (Frp) om Frp-veteran Carl I. Hagen som foreslått kandidat til komiteen som kvart år delar ut fredsprisen.

Bakgrunnen er at Carl I. Hagen (73) er vararepresentant til Stortinget, samtidig har det vore ein tradisjon dei siste 40 åra at sitjande stortingsrepresentantar ikkje kan veljast til komiteen, for å unngå uheldige dobbeltroller.

– Om Hagen blir valt vil komiteen bli knytt opp til Stortingets arbeid, og ikkje framstå uavhengig, seier Ytterhorn.

Ho understrekar samtidig at ho ikkje har noko imot Hagen personleg.

Det var Frp si stortingsgruppe som i går foreslo at Hagen skal erstatte Inger-Marie Ytterhorn i Nobelkomiteen, etter at Hagen tidlegare i haust melde si interesse for eit slikt verv på Framstegspartiet si «kvote».

I 2011 vart Frp-veteranen vraka til fordel for Ytterhorn. Den gongen uttalte Hagen at han kjente seg «audmjuka». Han pakka seg straks ut av kontoret og trakk seg som partiet sin eldregeneral.

Hagen ynskjer ikkje å kommentere saka.

Nobels Fredspris 2014. Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi ankommer seremonien i Oslo Rådhus. De

TRE PERIODAR: Ytterhorn (Frp) har vore ein del av Nobelkomiteen sidan 2000. Her saman med fredsprisvinnarane i 2014, Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi i Oslo Rådhus.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Var sjølv vara til Stortinget

Ytterhorn har vore aktiv i kommunalpolitikken i Bergen i ei årrekkje, og representerte Frp i Hordaland på Stortinget i perioden 1989 – 1993.

Ho vart for første gong valt inn i Nobelkomiteen i 2000, men møtte samtidig i ei periode som 2. vara på Stortinget i 2001.

– Det kan eg ikkje hugse. Men om det var slik så var det på tampen av min stortingsperiode og eg var på veg ut. No får vi uansett ta den problemstillinga som er aktuell no, seier Ytterhorn og seier at Hagen som 1. vara kjem til å møte oftare i Stortinget enn det ho gjorde.

Det er til slutt opp til fleirtalet i Stortinget å velje kven som skal sitje i komiteen. Stortingspresident Olemic Thommessen har kalla inn valkomiteen, der blant anna dei parlamentariske leiarane for dei største partia sit, for å diskutere problemstillinga.

AKTUELT NÅ