Hopp til innhold

Vil ha forskjellig straff for same lovbrot

Eit Frp-utval føreslår at kor du gjer noko kriminelt skal bestemme kor streng straff du får om du stel eller slår.

Listhaug og Helgheim i Danmark

Sylvi Listhaug, og partikollega Jon Helgheim, var i mars på besøk i Danmark for å lære meir om korleis danskane har forsøkt å stanse kriminaliteten i deler av København.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

NRK retter: I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at postnummeret ditt kan avgjere kor streng straff du får. Det riktige er at forslaget handlar om kor du gjer noko kriminelt.

Om du gjer noko kriminelt på Holmlia, kan du risikere dobbel så streng straff som om handlinga hadde skjedd i Holmenkollen. Og om du er gjengmedlem kan du doble straffa nok ei gong. I alle fall om eit av Framstegspartiets nyaste forslag vert ein realitet.

Grunnen er at det på Holmlia har vore fleire tilfelle av gjengkriminalitet, medan det i Holmenkollen er mindre av slik kriminalitet.

Det er eit utval i Frp som kjem med forslaget som no skal opp til debatt i partiet. Dei meiner forslaget kan bidra til mindre kriminalitet, og viser til eit liknande forsøk i Danmark.

– Mobbing

Blant dei som bur på Holmlia i Oslo klarer ikkje NRK å finne nokon som støtter tanken.

– Holmlia er ein fin stad kor me saknar at politiet er meir til stades. Ja, det skjer mykje her, men om straffene vert større her enn andre stader er det berre ein provokasjon. Det er krenkande og mobbing, og det er ikkje lov, seier Faridah Kridi.

Faridah Kridi

Faridah Kridi meiner Frp sitt forslag minner om mobbing.

Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRK

– Dette høyrest heilt sprøtt ut. Eg trudde det var ein fleip. det går jo ikkje an å straffe folk hardare fordi dei kjem frå – eller oppheld seg på – ein spesiell stad. Dette høyrest meir ut som ei gamal austblokkgreie, seier Jarle Kottmann.

Listhaug ser til Danmark

Det er den kommande Frp-nestleiaren Sylvi Listhaug som har leia utvalet som kjem med forslaget. Ho seier at målet er å innføre tiltak som kan gjere det tryggare å bu i område kor det i dag er mykje kriminalitet.

– Eg meiner at dei områda kor det blir utført mykje kriminalitet bør ha moglegheita til å gje dobbelstraff, seier Listhaug.

Under sitt besøk til Danmark tidlegare i år skal ho og partikollega Jon Helgheim ha møtt fleire danskar som bur i område med mykje kriminalitet, og kor dobbel straff har vore innført i kortare periodar.

Forslaget omfattar ikkje all type kriminalitet, men at det til dømes kan vere snakk om ran og vald. På spørsmål frå NRK stadfestar Listhaug at også bilbrannar kan vere aktuelt å straffe dobbelt, og legg til at ho trur dette er noko ein kan risikere å sjå meir av i Noreg i framtida.

Ulik straff for bilbrannar i vest og aust

Den mest omtalte bilbrannsaka i Noreg dei siste åra er saka der sambuaren til Frps tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara er sikta for å sette fyr på familiens eigen bil.

Ho ville ikkje risikert dobbel straff om Frp sitt forslag vart realitet, fordi familien ikkje bur i ein del av Oslo kor det er mykje gjengrelatert kriminalitet.

– Kvifor er det dobbelt så alvorleg om ein innvandrargut tenner på ein bil i Groruddalen enn om sambuaren til justisministeren frå Frp tenner på ein bil i Vestre Aker, slik PST meiner har skjedd?

– Eg meiner dette handlar om kor du gjer denne handlinga, og om du gjer det i eit område som er veldig belasta der innbyggjarane føler seg utrygge, så har me som norske styresmakter eit ansvar å sørge for tryggleiken til innbyggjarane, seier Listhaug.

Når Siv Jensen svarer på same spørsmål svarer ho at forslaget no skal på høyring i paritet.

Negativ respons både i og utanfor regjering

Men sjølv om Siv Jensen ikkje vil punktere forslaget, så vil andre politikarar det. Både dei som tilhøyrer same regjering som Frp, og dei som står utanfor.

– Me har ikkje for vane å differensiere straff etter kor kriminaliteten vert utført, men heller definere straff ut frå måten det skjer på. Altså om det har skjedd under formildande eller skjerpande omstende, seier justispolitisk talsperson i Høgre, Peter Christian Frølich.

PCF

Ingen støtte å hente for Frp, melder Høgres Peter Christian Frølich.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han legg til at Høgre og Frp er einige i at noko må gjerast for å stanse kriminaliteten i enkelte delar av Oslo, men at det må gjerast på andre måtar, slik som å ha fleire politifolk i gatene.

Endå mindre støtte er det å finne hos SVs Kari Elisabeth Kaski.

– Eg synest dette her viser eit ganske desperat Frp som nok ei gong viser at dei er opptekne av å prate og ikkje handle. Eg bur sjølv i Groruddalen, og eg trur eg snakkar på vegne av mange når eg seier at me er leie av å vere ei slags kulisse for Frp, utan at dei leverer ein politikk som gjer desse bydelane betre, seier Kaski.

Kari Elisabeth Kaski under Arendalsuka

Kari Elisabeth Kaski inviterer Sylvi Listhaug til Groruddalen, og meiner Frp-aren ikkje har kunnskap nok om Oslos drabantbyar.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Men Listhaug viser til Danmark, kor dette skal ha bidrege til mindre kriminalitet?

– Dei samanliknar heilt ulike ting, og det viser berre at dei ikkje kan nokon ting om Groruddalen og Oslo Sør. Dei kjenner ikkje folket der. Det finst ikkje den same type «gettoar» i Oslo, meiner Kaski.

– Kan verke diskriminerande

Anine Kierulf, fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar, seier at Frp-ideen kan vise seg å vere mogleg å gjennomføre.

– Ja. I utgangspunktet står politikarane fritt til å byggje opp straffesystemet slik dei ynskjer det, seier ho til NRK.

Men ho ser fleire problem med forslaget, som no skal opp til debatt i Framstegspartiet. Ho fryktar at det vil ramme diskriminerande.

– Det å teikne opp soner med skjerpt straff vil ramme alle innanfor den sona, og kanskje då langt fleire enn dei ein ynskjer å ramme. Kanskje er det også slik at dei som bur i den sona har ein type bakgrunn som gjer at ei slik lov vil verke diskriminerande overfor enkelte grupper i samfunnet, seier ho.

Anine Kierulf

Anine Kierulf ved Noregs institusjon for menneskerettar er kritisk til forslaget.

Foto: NRK

Kierulf peikar på at det alt i dag er opning for differrensiering i straffesystemet.

– Det er alt strengare straff for meir alvorlege brotsverk, og det er mogleg å skjerpe straffene om dei er brotsverka er gjorde i samband med organisert kriminalitet.

– Men kan det ikkje vere eit verknadsfullt verkemiddel for å hjelpe område som er ekstra belasta?

– Jau, men så må ein spørje seg kva som skal til for å hindre kriminalitet. Til eit visst nivå vil strafferammer ha innverknad på det, men det er ikkje slik at det å doble straffene fører til halvering av kriminaliteten.

  • Denne saken er oppdatert onsdag 01.05.2019 med sitater fra Anine Kierulf.

AKTUELT NÅ