Frp stadfestar skrekk-eksempelet

- I dag har vi fått stadfesta at Rosengård er eit skrekkeksempel på mislukka innvandrings- og integreringspolitikk, seier Frp-nestleiar Per Sandberg.

Per Sandberg
Foto: Stig-Åke Jönsson / SCANPIX

Kilde: NRK

Framstegspartiet var i dag på besøk til den mykje omtalte bydelen Rosengård i Malmö.

- Vi har fått stadfesta mykje i dag. Dette er eit skrekk-eksempel på noko som ikkje kan halde fram. Innvandrings- og integreringspolitikken er mislukka, noko alle vi har møtt i dag er einige med oss i.

- Svensk lov sett til side

Per Sandberg

Per Sandberg tar av seg skoa før han besøker moskeen i Rosengård.

Foto: Stig-Åke Jönsson / SCANPIX

Frp-formann Siv Jensen har tidlegare hevda at svensk lov er erstatta med sharialovar i innvandrarbydelen i Malmö. Sandberg er ikkje så oppteken av kva omgrep som blir brukt.

- Anten ein kallar det sharialovar eller ikkje. I dag har vi sett at svensk lov er sett til side i Rosegård. Utrykningsmannskap som brannmannskap og politi møter så sterk motstand at dei ikkje får utført jobben sin.

Les også: Vil begrense innvandringa kraftig

- Alle er grunnleggande einige

Sandberg og resten av Frp-følget besøkte mellom anna brannvesenet og ein moske i Rosengård i dag.

- Alle har vore opne, og ingen legg skjul på utfordringane som er her. Eg trur alle er grunnleggande einige med oss.

- Ordføraren i Malmö har tidlegare sagt at dette ikkje har noko med religion å gjere. Kva er din kommentar til det?

- Det får vere hans definisjon. Andre har sagt det motsette.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger