Hopp til innhold

Frp skrur av lyset likevel

- Frp er ikkje lenger "gretne, gamle gubbar", seier WWF. Frp har snudd og skrur likevel av lyset under klimakampanjen Earth Hour 28. mars.

Earth Day i Manila 2008

Earth Day i Manila i 2008.

Foto: JES AZNAR / AFP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

WWF kallar det det tidenes største klimakampanje . Den 28. mars er det Earth Hour, der bedrifter og private i nær 1000 byar over heile verda skrur av lyset i ein time om kvelden

Dette er ei symbolsk handling for å vise politikarane at folk ynskjer å kutte CO2-utslepp. Alle dei norske partia vil no delta i kampanjen, også det klimaskeptiske Frp.

Frp skrur av lyset

- Vi pleier å skru av lyset når vi forlet våre lokale, og forsøker etter beste evne å ikke bruke unødvendig straum. Så for oss var det heilt uproblematisk å vere med på dette, sjølv om det sånn sett er eit symboltiltak, seier generalsekretær Geir A. Mo.

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Men Frp er ikkje eintydig positive til slike stunts. Før jul sa energipolitisk talsmann Ketil Solvik-Olsen at han ikkje ville skru av lyset den 28. mars.

- Det kjem eg ikkje til å gjere, sa Solvik-Olsen til Her og Nå i NRK P1 den 10. desember.

Men no må Solvik-Olsen bøye seg for partiet og likevel skru av lyset under Earth Hour.

- Sløkker leselampa 28. mars

- Eg sit nok på eit fly til USA den dagen og det tidspunktet. Så eg får gjerne skru av leselampa mi når partiet befaler det, seier Solvik-Olsen.

Det er miljøorganisasjonen WWF som arrangerer Earth Hour. Målet er at ein million nordmenn og ein milliard verdsborgarar skal skru av lyset og gjere dette til tidenes største klimakampanje.

- I Oslo kjem bygningar som rådhuset, Stortinget, Akershus festning og veldig mange andre bygningar, også ein del veldig kjende som ikkje er offentleg no, til å skru av lyset, seier Rasmus Hansson i WWF.

Før jul spådde han at Frp kom til å snu og bli med, og no har han fått rett.

- Hyggeleg av Frp

Rasmus Hansson, WWF

Rasmus Hansson.

Foto: : Kjetil Malkenes Hovland / NRK

- Ja, og det er jo hyggeleg at Frp er saman med alle dei norske partia og ein bråte andre organisasjonar, etatar og bedrifter i Noreg om denne Earth Hour-bodskapen, seier Hansson.

28. mars kjem lyset til å vere av på Eiffeltårnet og Sydney-operaen. Det blir mørkt på Stortinget, og Senterpartiet skal ete landsmøtemiddagen sin i mørkret. Mange kommunar og bedrifter skrur òg av lyset. Mellom dei er Ikea.

- Vi har samarbeidd med WWF International sidan 2002, med fokus på ansvarleg skogbruk, berekraftig bomullsproduksjon og tiltak nettopp for å redusere klimautfordringane. Då var det heilt naturleg for oss å gå inn som hovudpartner i Earth Hour, fortel miljø- og samfunnsansvarleg Cathrine Dehli, som trur politikarane kjem til å lytte til kampanjen.

- Ein kan ikkje la vere å høyre på ein milliard menneske, seier Dehli.

- Kampanjen har ingen effekt

Det har vore mange kampanjar, seminar og rapportar om klima dei siste åra. Likevel har CO2-utsleppa i Noreg berre auka. Framstegspartiet sin klimapolitiske talsmann trur ikkje Earth Hour får varig effekt, fordi folk i liten grad er villige til å ofre noko over tid for å stoppe CO2-utsleppa.

- Skal du få folk til å vere med å bidra og gjere noko som endrar og forbetrar miljøet og kuttar CO2-utslepp, må du få folk til å ha lyst til å gjere noko dag etter dag, altså endre åtferda deira. Det å be folk nærast leve i mørket er ikkje attraktivt for folk flest og noko folk vil gjenta gang på gang, seier Ketil Solvik-Olsen.

- Eg trur folk må kunne forvente betre av Framstegspartiet enn at dei opptrer som gretne, gamle gubber når resten av verda går saman om noko som er både godt, gøy og gratis, sa Rasmus Hansson om Frp før jul.

- Ikkje lenger gretne

No som Frp blir med på kampanjen, trekk Hansson tilbake utsegna om "gretne, gamle gubbar".

- Ja, sjølvsagt trekk eg det tilbake, seier Hansson.

WWF-leiaren trur mørklegginga under Earth Hour vil bli ein stor folkefest som gir politikarane lyst til å gjere noko med CO2-utsleppa, og bryr seg ikkje om kritikken frå Solvik-Olsen.

- Det bryr eg meg ikkje om, sidan partiet hans deltek i kampanjen. Kampanjen går ut på at ein milliard menneske skal be verdas politikarar om å ta ansvar i klimapolitikken. Og det er vi og Framstegspartiet og veldig mange andre sikker på kjem til å ha ein effekt. Det er difor vi er med, seier Rasmus Hansson.

AKTUELT NÅ