Innvandrarpolitisk talsmann i Frp, Per-Willy Amundsen, reagerer sterkt på at ein skule i Tromsø med over 300 elevar har innført separat gym- og symjeundervising for gutar og jenter på grunn av éin muslimsk elev.
- LES OGSÅ:
– Dette er ein del av det Frp kallar «islamisering». Noreg tilpasser seg innvandrarar istaden for at innvandrarar tilpassar seg Noreg, seier Amundsen som er stortingsrepresentant for Troms.
– Ikkje lovstridig
Amundsen meiner også det er grunn til å stille spørsmål ved om ei slik form for kjønnsdelt undervisning er lovleg.
- LES OGSÅ: Kritisk til religiøse fritak i skolen
I opplæringslova heiter det at organiseringa av undervisninga «ikkje skal skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør».
Men ifølgje statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Roger Østlie Sandum, er ikkje praksisen ved Borgtun skule lovstridig.
– Kjønnsdelt undervisning er som hovudregel korkje ønskeleg eller tillate, men her vert omsynet til elevane si deltaking viktigare enn det rettslege prinsippet, seier Sandum.
Kjønnsdelt i ti år
Roger Østlie Sandum (SV), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.
Foto: Esben JohansenStatssekretæren viser til at Kunnskapsdepartementet også i tidlegare saker har tolka lova på denne måten. Ved Møllergata skole i Oslo har til dømes gutar og jenter hatt separat symjeundervising i ti år av omsyn til muslimske elevar.
- LES OGSÅ: Kjønnsdelt svømmeopplæring i Oslo
– Skulane skal strekkje seg langt for å få til felles undervising, og forsøke å løyse problemet i dialog med foreldra til ungane, seier Sandum
– Men symjing er spesielt. Kjønnsdelt matteundervising hadde til dømes heilt klart vore i strid med opplæringslova, legg han til.
– Uforståeleg
Amundsen i Frp meiner likevel det er heilt uforståeleg at Borgtun skule har vald å tilpassa undervisinga av omsyn til èin elev sin religiøse bakgrunn.
– Me har ein skule som skal ha eit læringsopplegg som er likt for alle. Då er det spesielt at denne skulen er så villig til å gje etter i forhold til muslimar sine ønsker og krav.
NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå leiinga ved Borgtun skule i Tromsø.
- LES OGSÅ: Vil innføre nasjonale svømmetester