Frp nektar å gi rett til skule for asylsøkarar som Hassan

KrF vil hindre at unge med avslag på opphald i Noreg går tiltakslause i fleire år mens dei ventar på anke­behandling. – Umogleg med omkamp på dette no, svarar Frp.

Hassan Parandeh i Bergen KrFU.

Hassan Parandeh kom til Noreg som asylsøkar frå Iran i 2011. I fjor fekk han opphald.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ungdom som mister skuleplassen sin kan utvikle psykosomatiske problem, ifølgje ein Fafo-rapport om asylbarn med endeleg avslag frå 2014.

Halvparten av dei det gjeld, ventar i over tre år på å bli sendt ut av landet.

– For meg har det vore avgjerande å kunne studere, seier den tidlegare asylsøkaren og legestudenten Hassan Parandeh (24).

Iranaren kom til Noreg i 2011 som asylsøkar. Sjølv om han først fekk avslag på asylsøknaden, fekk han halde fram med å gå på vidaregåande skule i Levanger i Trøndelag medan han venta på behandlinga av anken på avslaget.

Han lærte seg trøndersk og flytta etter kvart til Bergen, der han går tredje året på medisinstudium og er blitt leiar for Bergen KrFU.

I fjor blei avslaget på opphald omgjort. No har han opphald og har rett til utdanning. Det var vore veldig viktig for han ikkje å måtte utsette skulegangen i ventetida.

– Andre i den same situasjonen sit berre på rommet sitt og ventar. Det gjer noko med psyken din, og med motivasjonen du har for livet og framtida, seier Parandeh.

– Eg er verkeleg ikkje sikker på om eg hadde hatt den same motivasjonen no til å begynne om att på skulen eller å kome meg inn på medisin etterpå, seier han.

KrF vil ha lik praksis

Men ikkje alle i hans tidlegare situasjon får høve til å gå på skule mens dei ventar på klagebehandlinga. Det er ulik praksis frå fylke til fylke.

Kristeleg Folkeparti har lenge kjempa for å gjere det likt for alle dei rundt 70 ungdomane det gjeld.

Partiet meiner at avviste asylsøkarar skal få lov til å gå på skule mens dei ventar på svar, uansett utfall.

– Alle barn har rett på ei framtid, og vi trur utdanning må til. Då kan vi ikkje tillate at utdanningsløpet blir stansa, berre fordi ein ventar på papirarbeid eller ei avklaring på om ein blir sendt ut, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Martine Tønnessen og Hassan Parandeh i KrFU

Martine Tønnessen og Hassan Parandeh er glade for at KrFs landsmøte vedtok resolusjon om å gi skulerett til avviste asylsøkarar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ho peikar på at barn som søker asyl, inkludert barn med endeleg avslag, har like rettar som andre barn i Noreg. Dette er nedfelt i FNs barnekonvensjon, ifølgje Fafo-rapporten.

På KrFs landsmøte nyleg fekk KrFU gjennomslag i ein av resolusjonane som blei vedtekne for at «(...) barn som skal bli sendt ut av landet blir teke vare på i venteperioden ved at desse blir sikra rett til skulegang».

Vil presse regjeringskameratar

– No må KrF jobbe internt i regjeringa for å få dette gjennom, sjølv om vi ikkje fekk det gjennom i regjeringsplattforma i haust, seier Tønnessen.

Problemet er at partiet ikkje berre tapte saka då dei forhandla fram regjeringsplattforma - dei tapte også i Stortinget i haust, då eit forslag frå Sosialistisk Venstreparti om det same blei behandla.

Hans Fredrik Grøvan, KrFs utdanningstalsperson, lovar likevel å presse på for å få lik praksis i heile landet når han møter regjeringsfraksjonen på Stortinget.

Hans Kristian Grøvan, parlamentarisk leder i KrF

Hans Fredrik Grøvan er utdanningspolitisk talsperson i KrF.

Foto: Wilhelm Sverdvik

– Å la desse unge menneska gå utan eit etablert skuletilbod, er ei dårleg førebuing for framtida deira, uansett om dei får bli eller om dei blir sendt ut av landet, seier han.

Frp: – Vil undergrave asylinstituttet

Innvandringspolitisk talsperson for Framstegspartiet Jon Helgheim, er ikkje innstilt på å behandle saka på ny.

Jon Helgheim i Frp

Jon Helgheim er innvandringstalsperson i Frp.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det er umogleg å få nokon omkamp på det no. Å utvide retten til skulegang for avviste asylsøkarar er uaktuelt og vil undergrave asylinstituttet, seier Helgheim.

Han vil ikkje lønne asylsøkarar som ikkje reiser heim frivillig med å gi dei fleire rettar.

– Reiser dei ikkje frivillig, vil dei bli tvangsreturnert.

Han peikar på at regjeringa skal utarbeide eit aktivitetstilbod som kan førebu avviste asylsøkarar på å reise heim.

– Men berre når vedkomande samarbeider om retur og asylsøkaren ikkje har skuld i at retur ikkje kan bli gjennomført, seier Helgheim.

– Ikkje noko mål å halde motet oppe

Kva konkret vil de tilby denne gruppa så dei slepp å vente i eit vakuum og miste motet?

– Vi vil tilby avviste asylsøkarar å returnere til heimlandet sitt, inga løn for å vere her ulovleg. Det er ikkje noko mål for meg at avviste asylsøkarar skal halde motet oppe, dei bør gi opp og reise frivillig.

– Er det ikkje greitt å gi denne gruppa eit skuletilbod så dei kan bli nyttige samfunnsborgarar dersom avslaget blir omgjort?

– Nei, vi kan ikkje gi asylsøkarar rettar i tilfelle dei ein gang skulle få opphald, då vil det komme mange fleire, seier Helgheim.

Han meiner at dagens ordning der skular kan utvise skjønn, er ei god ordning, og viser til historia til Parandeh.

– Dessutan synest eg KrF og deira likesinna burde begynne å tenke meir på dei som verkeleg lir i Noreg og utlandet, og bruke litt mindre tid på grunnlause asylsøkarar som oppheld seg i landet ulovleg og ikkje samarbeider med styresmaktene, seier Frp-talspersonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger