Hopp til innhold

Frp med heilomvending i regjeringsstrategien

I slutten førre veke blei stortingsgruppa til Frp samde om å slutte å truge med å ta partiet ut av regjering. No trugar til og med partileiaren om å rømme regjeringsprosjektet.

Siv Jensen i vinden

LAGER LISTE: Partileiar Siv Jensen (Frp) lager kravliste for å fortsette i regjering.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Torsdag og fredag førre veke var det seminar i stortingsgruppa til Frp. Fleire kjelder har fortald NRK at det var svært god stemning på møtet. Det var brei semje om ein ny start.

Frå no av skulle me slutte å rope ulv, ulv. Det skulle bli slutt på at me heile tida truga med å gå ut av regjering, seier ei kjelde til NRK som fortel det var brei semje om dette i heile gruppa.

Vandrande seminar

Det blir fortald at til og med nokon av representantane som tidlegare har vore svært kritiske til regjeringsprosjektet, var samde i dette på strategisamlinga som fann stad på Gardermoen airport hotell. Både Sylvi Listhaug og Siv Jensen var til stades på seminaret.

– Det var brei semje om at det er me som tapar på at me står fram som eit vandrande seminar om korvidt me skal vere med i regjering eller ikkje, seier ei kjelde til NRK. Men stemninga snudde fort.

Difor har Frp gjort heilomvending

For tysdag denne veka starta bråket for alvor. Då blei det kjent at Noreg hentar tilbake ei IS-sikta mor og hennar to barn på tre og fem år frå Syria.

Årsaka til avgjersla er at kvinna sin fem år gamle son er sjuk. I august vog guten 12 kilo, like mykje som ein gjennomsnittleg norsk eittåring. Frp har vore tydeleg på at dei støttar å hente guten til Noreg, men ikkje mora.

Sylvi Listhaug på Frp-landsmøte 2019.

VIL IKKJE LØFTE EIN FINGER: Sylvi Listhaug og Frp tok dissens i regjering mot å hente IS-kvinna heim

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Frp vil halde fast ved at me ikkje vil løfte ein finger for at IS-krigarar og IS-kvinner skal kome tilbake til dei frie, vestlege samfunna dei hatar, sa Frp sin nestleiar Sylvi Listhaug til NRK da nyheita vart kjend.

Saka har resultert i at både Siv Jensen og andre sentrale tillitsvalde ope har sagt at Frp vurderer å trekke seg frå regjering dersom dei ikkje får gjennomslag for ein kravliste som skal presenterast for statsminister Erna Solberg (H) på måndag.

Sentrale Frp’arar vil ut

No har stemninga internt surna så mykje at sentrale Frp’arar som blant anna Kari Kjønaas Kjos trur det blir vanskeleg å halde partiet i regjering.

– Partiet er skaka etter at det vart kjend at regjeringa hentar heim IS-kvinna. Mitt ønskje er me går ut av regjering. Eg kan ikkje sjå ein sak me kan få gjennomslag for som gjer at me blir sittande i regjering, seier Kjos til NRK.

Ei anna sentral Frp-kjelde seier til NRK at frustrasjonen frå grasrota i partiet er så sterk at det er vanskeleg å sjå at det er mogleg å fortsette i regjering. Ifølge kjelda er det vanskeleg å sjå for seg at dei andre partia i regjering vil gå så langt at grasrota i Frp blir nøgd. Dette synet blir delt av fleire andre i partiet NRK har vore i kontakt med.

Bekreftar møte

Parlamentarisk leder i Frp, Hans Andreas Limi, bekreftar at dei hadde eit seminar førre veke, kor tema var strategi og profilering av stortingsgruppa som regjeringsparti. Meir enn det vil han ikkje avsløre.

– Eg refererer ikkje frå interne møter og kommenterer ikkje påstandar om kva som skal ha blitt sagt der.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger