Hopp til innhold

Leiar i Frp-utval: – Trygg på at lekkasjen er stoppa

Tilliten til organisasjonsutvalet i Framstegspartiet er tynnsliten, vedgår leiaren. Han seier seg likevel trygg på at lekkasjen av sensitive opplysningar i fleire varslingssaker er stoppa.

Alf Erik Andersen

TYNNSLITEN TILLIT: Det skal vere trygt som medlem av Framstegspartiet å vende seg til organisasjonsutvalet utan å stå i fare for at det ein deler av sensitiv informasjon skal leke ut. Det seier Alf Erik Andersen, som er leiar for utvalet.

Foto: Svein Sundsdal / nrk

– Eg er trygg på at den tillitsvalde som har fått desse sensitive opplysningane, ikkje spreier det vidare. Men vi har sjølvsagt ingen garantiar, seier leiar i organisasjonsutvalet, Alf Erik Andersen, som også er ordførar i Mandal.

Njåstad

LEGG SEG FLAT: Helge André Njåstad informerte tysdag stortingsgruppa om at han trekker seg som finanspolitisk talsperson, parlamentarisk nestleiar og sentralstyremedlem. Han gav seg som leiar for organisasjonsutvalet i fjor haust.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I går vart det kjent at Frp-topp Helge André Njåstad (38) trekker seg frå alle tillitsverv etter å ha delt metoo-opplysningar med ein partifelle. I seks år og inntil i fjor haust leia Njåstad Frps organisasjonsutval, som har ansvar for å handtere saker som gjeld brot på det etiske regelverket til partiet.

Dei som sit i utvalet skal ikkje diskutere sakene dei behandlar med nokon utanfor utvalet. Likevel vedgjekk Frp-politikaren i går å fleire gonger ha delt sensitiv informasjon med ein partikollega utanfor utvalet.

Helge Andre Njåstad

– Vi har hatt ein løpande dialog med vedkommande i løpet av heile hausten i fjor, og vi må stole på at vedkommande ikkje spreier denne informasjonen vidare, seier Andersen, som vart ny leiar for organisasjonsutvalet i fjor haust.

Etter det NRK forstår kom saka opp etter at Njåstad i fjor haust gav seg som leiar for utvalet. Den nye utvalsleiaren tok då imot eit tips om at Njåstad hadde delt sensitiv informasjon.

– Ingen direkte sinte

Alf Erik Andersen har stått på for å rydde opp. I løpet av tysdagen, ringde utvalet rundt til personane som dei trur har fått sine saker lekne, for å informere dei om at Njåstad kom til å trekke seg.

Alf Erik Andersen

RINGERUNDE: Tysdag ringde leiar Alf Erik Andersen og organisasjonsutvalet i Frp rundt til alle personane som dei meiner er råka av lekkasjen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Folk har reagert ulikt, men ingen har vore direkte sinte. Fleire var skuffa, medan andre viste takksemd for at dei vart informerte om dette frå oss, seier Andersen.

Tysdag beklaga Njåstad fleire gonger ovanfor dei involverte.

– Vår viktigaste oppgåve blir no å bygge opp att tilliten til utvalet, seier Andersen.

Blant grepa utvalet har gjort er at dei no vil kommunisere gjennom ei kryptert plattform, i tillegg til at dei har oppdatert teiepliktserklæringa for utvalet.

– Eg håper dette kan atterreise tilliten og integriteten til utvalet i Framstegspartiet, for den kan nok opplevast som tynnsliten no, seier Andersen.

Utvalsleiaren vedgår at det er uheldig og krevjande for partiet at fleire liknande varslingssaker har kome fram den siste tida, men slår fast at det er umogleg å føresjå dei.

– Det er trygt i Frp

– Vi treng ikkje slike historier og vi ynskjer ikkje å ha fleire i framtida. Difor jobbar vi no for at medlemmane våre som har opplevd noko ubehageleg i framtida skal ha tillit til utvalet, seier Andersen.

NRK har vore i kontakt med fleire kvinner som i fjor kom med metoo-varslar til organisasjonsutvalet.

– Det er tragisk for både partiet, varslarar som er råka, og for dei som i framtida skulle ha ei sak å ta opp med «leiinga», seier ein av kvinnene.

Varsler

IKKJE AKTIV: Ein av kvinnene som i fjor varsla partiet om ei metoo-hending, trakk seg frå sitt verv i partiet.

Foto: OYSTEIN INGVALDSEN / LUNDEIMAGES

Er det grunn for folk som vurderer å melde seg inn i partiet, å vere skeptisk etter denne saka kom opp?

– Nei. Det skal vere trygt og godt å vere medlem av Framstegspartiet. Det skal vere grunnleggande at alle følgjer dei etiske og organisatoriske retningslinjene. Viss alle gjer det, så treng vi ikkje å ha slike saker i framtida, slår Andersen fast.

AKTUELT NÅ