Hopp til innhold

Frp-leiaren ber Sandberg lære

Frp-leiar Siv Jensen seier nestleiar Per Sandberg må ta lærdom av dei feila han gjorde under feriereisa til Iran.

Siv Jensen er glad Per Sandberg tar selvkritikk på at han ikke varslet regjeringen før sin reise til Iran, men hun vil ikke kritisere feriemålet.

FrP-nestleiar Per Sandberg har innrømma at han gjorde feil då han tok med jobb-telefonen sin på ferieturen til Iran.

«Det var feil å ta med jobbtelefon og unnlate å varsle om reisen. I ettertid ser jeg at jeg burde varslet om reisen i forkant, og jeg skulle ikke tatt med jobbtelefonen til Iran», skriv Per Sandberg i ein kronikk på NRK Ytring i dag.

– Ta lærdom

Statsminister Erna Solberg har allereie konkludert med at Sandberg braut regelverket då han ikkje melde frå kvar han skulle på ferie.

Partileiar Jensen seier i dag at ho er glad for at Sandberg innrømmer at han har gjort feil.

– No har han iallfall erkjent at han har brote dei reglane som gjeld, og det må ein ta lærdom av og ikkje gjere det igjen, seier Jensen til NRK.

– Dette er ei regjering som tek tryggleik på største alvor. Vi skal ha gode rutinar og reglar og då er det også viktig at dei blir følgd.

Uro

Partileiar Siv Jensen vitja i dag sommarleiren til ungdomspartiet FpU i Lillesand. I intervju med NRK etterpå snakka ho for første gong om nestleiar Per Sandbergs omstridde Iran-reise. Reisa og nestleiaren sin rosande omtale av Iran har skapt uro i partiet. I går kom FrPs norsk-iranske stortingsrepresentant Mazyar Keshvari med krass kritikk mot nestleiar Sandberg.

– Å forsøke å kvitvaske eit så grusomt regime ved å late som om det er eit idyllisk ferieland, er i beste fall naivt og i verste fall svært skammeleg, sa Keshvari som i går ba Sandberg reflektere over stillinga si i partiet.

I ein Facebook-post i dag har Keshvari sagt seg fornøgd med at Sandberg har klargjort haldningane sine i ein dagens kronikk. Også partileiaren rosar no nestleiaren for tydeleggjeringa han har kome med.

– Men han har vore ganske raus med omtalen av landet, er det forenlig med FrPs politikk?

– Han har vore heilt tydeleg på at dette er eit vakkert land med eit stolt folk som dessverre er underlagt eit svært krevjande regime. Det er jo dette regimet vi og mange andre jobbar for å nedkjempe.

Blandar seg ikkje i reisemål

Jensen vil heller ikkje kritisere at Sandberg valte diktaturet Iran som reisemål.

– Kva tenker du om at han reiste?

– Eg meiner ingenting om kvar folk reiser på private reiser, men eg er oppteken av at ein følgjer dei reglane som er sett opp for statsrådar.

AKTUELT NÅ