Frp-Helgheim om terrordømt kvinne som er sett fri: – Det er svært alvorleg

Frps innvandringspolitiske talsperson, Jon Helgheim, meiner utviste personar som er vurderte som ein samfunnsrisiko, men som ikkje kan sendast ut av landet, skal kunne haldast bak lås og slå.

Jon Helgheim (Frp)

– Vi må ha på plass ein ny lovheimel som gjer det mogleg å internere personar som er farlege i staden for at dei skal gå fritt rundt, seier stortingsrepresentant og Frps innvandringspolitiske talsperson, Jon Helgheim.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Ei terrordømt IS-kvinne som er utvist frå Noreg kan ikkje sendast ut av landet. No er ho lauslaten. Helgheim meiner dette «ikkje heng på greip.»

– Kva er det du er redd for?

– Eg ser at politiet meiner ho er ein framtidig risiko. Det er svært alvorleg. Dei skal ikkje gå fritt rundt i Noreg når politiet meiner at dei utgjer ein tryggingsrisiko, svarer Helgheim.

– Ho har sona straffa si og ho kan ikkje sendast til Somalia, sjølv om ho er utvist, og politiet har ikkje heimel til å halde henne framleis internert. Kva meiner du er løysinga?

– Vi må ha på plass ein ny lovheimel som gjer det mogleg å internere personar som er farlege i staden for at dei skal gå fritt rundt, svarer han.

Politiet: Retur vil vere i strid med menneskerettane

Onsdag fortalde NRK om ei terrordømt somalisk kvinne i 30-åra som er utvist frå Noreg, og som har fått varig innreiseforbod. Ho er vurdert som ein «trussel mot grunnleggende nasjonale interesser» grunna hennar tilknytinga til IS.

Dette er ei anna sak enn den som går føre seg i Oslo tingrett no, der ei anna kvinne er tiltalt for deltaking i terrororganisasjon.

Terrordømt kvinne på ferge

Biletet av den terrordømte kvinna er datert til 16. oktober 2017, same dag som PST meiner ho starta på ei reise frå Noreg til Syria.

Foto: PST

Kvinna som er utvist frå Noreg har sona ein terrordom på to år og ni månader, men vart arrestert umiddelbart etter soning og plassert på politiets utlendingsinternat på Trandum fordi politiet arbeidde med å få ho uttransportert.

No har Utlendingsdirektoratet (UDI) vedteke at ho ikkje kan returnerast til heimlandet.

– Ein tvangsretur vil, slik situasjonen er per no, vere i strid med menneskerettane, sa politiadvokat Marianne Aune i Oslo politidistrikt.

Politiet har konkludert med at det ikkje lenger er heimel til å halde ho internert. Ho er difor lauslaten og bur no i ein kommunal bustad i Oslo.

– Ho er tydeleg på at ho ikkje er til fare for nokon. Ho ønskjer berre å leve eit fredeleg liv. Elles har eg ingen kommentarar, seier advokaten til kvinna, Svein Holden til NRK.

Helgheim: – Gått over ei grense

Framstegspartiets innvandrings- og integreringsutval, som nyleg leverte forslaget sitt, meiner reglane bør endrast:

«Utvalget mener at det i tilfeller der utsendelse av svært farlige personer ikke kan gjennomføres, må vedkommende interneres. Krekar-saken er et eksempel på hvordan en mann, ansett som en trussel mot rikets sikkerhet, samtidig kan være en fri mann i det samme riket.»

– Vi må ha på plass ein ny lovheimel som gjer det mogleg å internere personar som er farlege i staden for at dei skal gå fritt rundt. Eg meiner det ikkje heng på greip at vi har eit lovverk som vernar terroristar og kriminelle meir enn innbyggjarane, seier Helgheim, som sat i utvalet.

– Kor viktig er det at menneskerettane til kvinna blir teke omsyn til?

– Det er viktig. Alle har menneskerettar. Det som er problemet er at menneskerettane og tryggleiken til vanlege lovlydige innbyggjarar blir tilsidesette for å verne nokon som truar oss. Då har vi gått over ei grense som eg meiner er heilt urimeleg.

Kommunal bolig der terrordømt IS-kvinne bor

Etter det NRK kjenner til bur den utviste kvinna i ein kommunal bustad i Oslo.

Foto: NRK

I eit UDI-vedtak kjem det fram at kvinna ikkje kan sendast til Somalia med tvang fordi ho har krav på vern.

Etter utlendingslova kan ein vernast mot retur dersom det er «reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved tilbakevending til hjemlandet.»

– Kva meiner du om at kvinna ikkje kan sendast ut?

– Det er eit godt prinsipp at ein ikkje skal sende folk til tilbake til umenneskeleg behandling, tortur og død. Vi skal ikkje bryte slike prinsipp. Difor er det betre å kunne internere dei.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland vil ikkje kommentere Frps utspel, opplyser departementet:

– Dette er ei enkeltsak som er avgjord av Utlendingsdirektoratet, og der Justis- og beredskapsdepartementet kan vere aktuell klageinstans. Utover dette har eg ingen ytterlegare kommentar, men vil vise til UDI og PST, skriv Mæland i ein e-post til NRK.

Verken SV, Ap eller Sp ønskjer å kommentere utspelet frå Frp. Heidi Greni, innvandringspolitisk talsperson i Senterpartiet, opplyser dette til NRK:

«Detaljer i saken er ikke kjent og det er derfor umulig for oss å ha noen mening. Vi forholder oss til UDI og PU sine vurderinger, og legger til grunn at uttransportering skjer så snart det lar seg gjøre.»

SISTE NYTT

Siste meldinger