Hopp til innhold

Frp-fall på måling – ligg likt med SV

Viss norsk politikk var eit sykkelritt, ligg det no tre ryttarar tett samla i tetgruppa. Litt lengre bak i feltet skjer det interessante ting. Kampen om fjerdeplassen er blitt hard.

Koronaviruset

DÅRLIGE TIDER: Eitt år etter at Siv Jensen tok Frp ut av regjering, er målingssituasjonen for partiet sørgeleg.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Målet er stortingsvalet i haust.

I teten av rittet ligg Høgre, Senterpartiet og Ap – som no har samla seg på om lag likt nivå. Bak dei har Frp sakka av - og er no nede på nivå med eit formsterkt SV.

Både Frp og SV får 8,3 prosent på Norstats måling for NRK og Aftenposten i februar.

Frps tilbakegang er den einaste endringa frå førre månad som er utanfor feilmarginen. Altså det er statistisk sikkert at partiet taper veljarar.

Åtteprosentpartiet Frp

Det er ikkje der Frp ønskjer å ligge. Dei fem første åra partiet sat i regjering – fram til årsskiftet 2018/19 – var partiet det tredje største i landet bak Ap og Høgre.

Så vart Frp passert av eit stadig sterkare Senterparti som seinare har dratt frå. Frps valresultat i kommunevalet 2019 var sørgeleg, nede på åttetalet.

Håpet var at partiet skulle få ny energi og vokse etter at det gjekk ut av regjering i januar 2020. Like før utgangen låg partiet på 10 prosent i Norstat-målingane hos NRK. Ein kortvarig oppsving følgde.

Men no ser det verre ut enn før partiet gjekk ut av regjering.

Partibarometer februar 2021

Periode 25/1–31/1. 945 intervjuer. Feilmarginer fra 1,1–3,1 pp.
R
3,9 %
+0,2
SV
8,3 %
−0,6
AP
20,7 %
+0,6
SP
21,9 %
+0,6
MDG
4,8 %
+0,9
KRF
3,5 %
−0,2
V
2,4 %
−0,1
H
22,8 %
+0,2
FRP
8,3 %
−3,0
Andre
3,3 %
+1,3
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten

Nestleiar Terje Søviknes er den som blir sendt ut for å svare for dei dårlege tidene. Han peikar på to forklaringar.

  • Korona-året har gjort at partipolitikk vart lagt litt til side.
  • Uro i Bergen og Oslo Frp har stole fokus.

– Kva er det som har gått galt for Frp siste året?

– Det er ikkje så mykje som har gått galt, det har berre vore lite rom for reindyrka partipolitikk når nasjonen har stått saman for å handtere ein pandemi. Og så har vi hatt nokre organisatoriske utfordringar i Bergen og Oslo som vi no er i ferd med å løyse. No er vi klare til å vidareføre vår strategi om eit tydelegare Frp som stemmer for det vi er for og mot det vi er mot.

Terje Søviknes

UTE: Fleire veljarar støtta Frp då Terje Søviknes og partiet hans sat i regjering enn no.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

UTE: Fleire veljarar støtta Frp då Terje Søviknes og partiet hans sat i regjering enn no.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

– Har Frp ei målsetning til valet?

– Vi har ikkje satt eit tal, men i 2017 var vi på om lag 15 prosent. Det er heilt naturleg å måle seg mot førre val.

SV: – Litt gøy då

Også på motsatt fløy i politikken er det stor vilje til å kome seg opp frå 8 prosent-nivået. Forskjellen er humøret. I SV er dei ikkje vande med å vere så store.

– Her er det mogleg å bli det fjerde største partiet og bli større enn Frp, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

– Denne konkurransen gledar eg meg til.

Strengt tatt var januar-målinga som NRK presenterte endå betre for SV enn dagens. Men det interessante med SV er at dei ser ut til å ha styrka og stabilisert seg over tid. Resultata i dei to siste stortingsvala var 4,1 og 6,0.

No ligg dei over 8.

– Er det eit mål å bli større enn Frp?

– Det er ikkje viktig i seg sjølv, men det er jo litt gøy då. Eg har ein konkurranse gåande med Siv Jensen her no. Den skal vi prøve å vinne.

Jonas Gahr Støre, Audun Lysbakken og Siv Jensen etter at Stortinget endra bioteknologilova.

JAMSTORE: SV-leiar Lysbakken i vårsola med Frp-leiar Siv Jensen. No er partia deira jamstore.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Lysbakken meiner den økonomiske politikken forklarar at hans parti har vokse til å bli like stort som Frp.

– Frp kom i regjering med lovnad om å vere eit parti for folk flest. Men dei har ført ein skattepolitikk, privatiseringspolitikk og arbeidslivspolitikk som har tent dei få på toppen. Eg trur dei betalar prisen for det, seier SV-leiaren og framhevar sin eigen fordelingspolitikk som motsetninga til dette.

– Den analysen er eg ikkje einig i, seier Frp-nestleiar Søviknes. – Vi bidrog til samla skatte- og avgiftslette på om lag 25 milliardar då vi sat i regjering. Frp er opptekne av fordeling og å hjelpe dei som har minst, seier han og peikar på at SV og Frp før jul gjekk saman om eit forslag for å løfte pensjonistane.

Erna må gå

Nok ein gong stadfestar målingane at alt peikar mot regjeringsskifte etter valet.

Regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF ville fått 14 færre stortingsrepresentantar enn dei har i dag om dette var val.

Frps formsvikt gjer det ikkje betre, den tappar blå side for ytterlegare 12 mandat.

Til saman får dei fire partia på høgresida berre 62 av 169 stortingsrepresentantar i denne målinga.

Alle piler for partia på høgresida er raude og peikar feil veg.

Mandatfordeling Stortinget

Slik ville Stortinget sett ut om denne målinga var val. Samanlikna med dagens storting slik veljarane stemte i 2017.

Rødt

2 mandater
1 opp fra 2013

Sosialistisk venstreparti

15 mandater
4 opp fra 2013

Arbeiderpartiet

39 mandater
10 ned fra 2013

Senterpartiet

42 mandater
23 opp fra 2013

Miljøpartiet de grønne

9 mandater
8 opp fra 2013

Kristelig Folkeparti

3 mandater
5 ned fra 2013

Venstre

2 mandater
6 ned fra 2013

Høyre

42 mandater
3 ned fra 2013

Fremskrittspartiet

15 mandater
12 ned fra 2013
Norstat

I klartekst betyr det at Erna Solberg berre kan drøyme om å bli statsminister i ein tredje periode med dagens politiske bilde.

Partia som går til val på regjeringsskifte (Ap, Sp, SV, MDG og R) ville fått 107 representantar om dette vart valresultatet.

Og gode resultat over tid gjer at SV-leiar Lysbakken berre blir meir motivert for å bli ein del av ei ny regjering.

– Dette betyr at det blir langt vanskelegare å kome utanom SV viss ein skal danne ei styringsdyktig regjering.

AKTUELT NÅ