Hopp til innhold

- Ven dykk til meg som statsminister

Frp er størst og Venstre ligg atter ein gong på sperregrensa. Det viser resultata frå partibarometeret for juni.

Siv Jensen
Foto: NRK

Frå førre månad har Ap gått tilbake over 4 prosentpoeng og er ikkje lenger Noregs største parti på NRK si måling, etter at Frp har gått opp frå 25,1 til 30, 8 prosents oppslutnad.

- Gler seg over framgongen

Siv Jensen seier det er fantastiske tal, men at dei har sett utviklinga over tid.

- Det skuldast jo fyrst og fremst at folk er lei av at Regjeringa sviktar på nær sagt alle område. Så høyrer dei at Frp har klare svar på desse utfordringane som regjeringa ikkje klarar å løysa.

Jensen seier folk må venja seg til at den nye statsministeren kan heita Siv Jensen.

SJÅ OG: Frp er landets største parti

- Me kjem til å vinna

Martin Kolberg i Arbeiderpartiet seier dei tek målinga alvorleg sidan den stadfestar at Ap har hatt ein nedgang.

- Dersom dette blir valresultatet så blir det jo eit regjeringsskifte og ei tydeleg høgredominert regjering, seier han og legg til:

- Men slik kjem det ikkje til å gå når me kjem i gong med dokumentasjonane våre på det me har gjort og viser fram kva høgreregjeringa kjem til å bety.

Partibarometer juni 2008

Mai

Juni

Differanse

Arbeiderpartiet

30,9

26,6

-4,3

Framskrittspartiet

25,1

30,8

5,6

Høgre

18,3

17,0

-1,3

Kristeleg Folkeparti

6,2

6,3

0,1

Senterpartiet

6,5

5,9

-0,6

Sosialistisk Venstreparti

6,7

6,9

0,2

Venstre

5,4

4

-1,3

Raudt

0,5

1,1

-0,6

Andre

0,4

1,4

1,9

Partibarometer juni

AKTUELT NÅ