Hopp til innhold

Frp dårlegast på unge stortingskandidatar

Framstegspartiet har færrast unge kandidatar på listene til haustens stortingsval. – Dei sikre plassane går til dei kvite mennene som pushar 50, seier LNU.

Bjørn-Kristian Svendsrud i FpU framfor Stortinget

FÅ UNGE: Bjørn-Kristian Svendsrud, FpU-formann og tredjekandidat, seier dei unge i partiet er representert på andre måtar enn på vallistene.

Foto: Espen Breivik / NRK

Tal frå stortingslistene til dei største partia viser at det berre er SV og Sp som har fleire enn 25 prosent unge kandidatar på dei øvste plassane ved haustens val.

– Det er eit demokratisk problem at ungdom under 30 år utgjer 20 prosent av veljarane, men berre har ein av ti representantar på Stortinget, seier Benjamin Myrstad i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) til NRK.

Saka held fram under grafikken

Laster innhold, vennligst vent..

Det er ikkje tal for MDG frå 2013, men i 2017 har dei 19,1 prosent unge på listene.

Usikre plassar

Benjamin Skiaker Myrstad, nestleiar i LNU

Benjamin Skiaker Myrstad, nestleiar i LNU

Foto: Espen Breivik / NRK

Det er LNU som har sett saman tala frå partia i ein ny rapport.

– Dei unge kjem inn på plassar som er litt for usikre. Dei sikre plassane går til dei gamle travarane – til kvite menn som pushar 50, seier Myrstad, og viser til Karpe Diem-songen med same namn.

Han meiner det er demotiverande for velgjarane, som ikkje kjenner seg igjen i dei som veljast inn.

– Det er også dårleg for vedtaka som blir gjorde, for impulsane som kjem frå unge folkevalde, er viktige i styringa av landet vårt, seier han.

Frp har færrast

Det lågaste talet på unge, både i 2013 og 2017, har Framstegspartiet. Ein av dei som har nådd opp, er FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud (24). Han er tredjekandidat for Vestfold Frp.

– Det er unge på våre lister og, og kanskje burde det ha vore fleire. Men det viktigaste er at det blir gjort ein god jobb for å få dei beste kandidatane, og det veit eg at vi gjer, seier han.

Samtidig meiner han dei unge blir inkluderte på andre måtar.

– Viss vi ser på dei som er tilsette i stortingsgruppa eller regjeringsapparatet, er det mange der som er henta frå FpU, seier Svendsrud.

– Bør ha alle bakgrunnar

Emilie Enger Mehl

Emilie Enger Mehl, andrekandidat for Sp i Hedmark.

Foto: NRK

Senterpartiet, som har gjort det godt på målingane i vår, er blant partia som har over 25 prosent unge kandidatar på sine lister.

– Alle har like mykje å bidra med i eit parti, uavhengig av stilling og bakgrunn, seier Emilie Enger Mehl (23), som er ei av dei unge.

Ho er andrekandidat i Hedmark, like bak partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Mehl meiner partiet har lang tradisjon for å inkludere.

– Det er viktig å vise dei unge kandidatane at dei betyr mykje, og kan gjere ein forskjell, seier ho.

– Personstemmer bør telje

Mange unge får personstemmer ved lokalval, men ved stortingsval er det vanskelegare å få personstemmer til å gjere utslag. ​

Derfor ynskjer LNU å gjere personstemmer meir avgjerande også ved stortingsval.

– Vi vil at ei endring gjennomførast, slik at ungdom blir betre representert på Stortinget, seier Myrstad.

AKTUELT NÅ