NRK Meny
Normal

Frigir skattelistene igjen

Til hausten blir alle skattelistene frigitt, etter fleire år med restriksjonar på publisering av desse listene.

Skattelistene
Foto: NRK

Dette går fram av forslaget til revidert nasjonalbudsjett, som er lagt fram i dag.

Bondevik-regjeringa la om lova om dette i 2004. Då måtte pressa nøye seg med enkle søk i skattelistene på skatteetaten sine heimesider på Internett i ein avgrensa periode.

No kan alle aviser og andre mediabedrifter gjere det mogleg å søkje i dei fullstendige skattelistene igjen, slik det var før 2004.

Finansminister Kristin Halvrosen (SV) seier at endringa er viktig for å styrkje den kritiske debatten om skattemessige forhold.

Skatteetaten på Internett  vil framleis berre liggje ute med tala i tre veker. Tala blir også lagde ut på likningskontoret som før.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger