NRK Meny
Normal

Frifunne for korrupsjon

To Siemens-direktørar og Stortingets ombodsmann for Forsvaret er i dag frifunne i Oslo Tingrett for tiltale om korrupsjon.

Ombudsmann for Forsvaret, Kjell Arne Bratli.

Ombudsmann for Forsvaret, Kjell Arne Bratli er frifunnen for korrupsjon.

Foto: Charlotte Helleland / NRK

Dei tiltalte var ombodsmann for Forsvaret, Kjell Arne Bratli, divisjonsdirektør i Siemens, Hans Almaas, og tidlegare administrerande direktør i Siemens, Hans Lødrup.

Dei tre var tiltalt for korrupsjon etter å ha betalt golftur for tre leiande offiserar i sjøforsvaret.

- Ikkje uventa

Ombodsmann Kjell Arne Bratli var tiltalt for medverking til korrupsjonen, og forsvarer Bjørn Stordrange er glad for utfallet.

- Min klient er svært nøgd. Det var naturlegvis ikkje uventa sidan vi heile tida har meint at tiltalen ikkje heldt mål, seier han.

Fleirtalet i retten kom fram til at det ikkje finst bevis for at det på førehand eksisterte forståing om at Siemens skulle betale for turkostnadene.

- Dommen betyr at politiet ser på saka på same måte som vi har gjort, at dette ikkje er korrupsjon. Saka har vore ei stor personleg belastning for klienten min, så vi er både glad og letta, seier advokat for Hans Lødrup, Jan Fredrik Wilhelmsen.

Kan bli anka

Saka kan enno bli anka av Økokrim til lagmannsretten.

- Vi tek det til etterretning at Tingretten har frifunne alle tre personane, og må studere dommen i ro og mak før vi tek stilling til spørsmålet om anke, seier Økokrim-sjef Trond Erik Schea.

Stordrange har liten tru på at politiet ankar saka.

- Eg trur dette er over, og at Økokrim tenkjer seg grundig om før dei går vidare med ei sak som berre dreiar seg om nokre tusen kroner fordelt på tre personar, seier han.

Schea meiner det er viktig å prøve reglane for korrupsjon uavhengig av kva beløp det er snakk om.

- Beløpet er stort nok til å bli ramma av reglane for korrupsjon. Det er andre ting enn beløpet som avgjer om ei sak blir anka, påpeikar han.

Simens punga ut

Golfturen skjedde i perioden onsdag 3. til onsdag 10. mars 2004 i Alicante i Spania.

Forsvars-toppane Arne Morten Grønningsæter, Atle Karlsvik og Jan Reksten fekk dekt utgifter til hotellopphald og golfspell for til saman 19.191 kroner.

Økokrim har bøtelagt Siemens og to personer som er knytt til selskapet for å ha dekka utgifter til golfturar, men bota er latterleg lite , meiner korrupsjonsjegerar.

Les: Alt om korrupsjon i Forsvaret

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger