Hopp til innhold

Desse boikottar no Freia

Freia blir boikotta stadig fleire stadar. Coop ber no om møte med næringsministeren.

Freia Melkerull i butikkhylle.

Ein melkerull til landskampen blir ikkje lenger mogleg å få tak i på Ullevaal, melder NFF.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Matvarekonsernet Mondelez, som eig Freia, står på svartelista til antikorrupsjonsmyndigheitene i Ukraina. Dei meiner at selskapet bidreg med pengar i den russiske statskassa.

Selskapet heldt fram med verksemda si i Russland også etter den russiske invasjonen i februar 2022. Dei skal ha om lag 3000 tilsette i landet.

Ber om møte

Coop ber no om eit snarleg møte med ned næringsminister Jan Christian Vestre. Det kjem fram i ei pressemelding.

– Me har behov for råd og avklaringar på korleis norske myndigheiter ynskjer at me og norske forbrukarar skal halda oss til selskap som er svartelista av Ukraina.

Dei legg til at dei ikkje ynskjer å støtta Russlands angrepskrig mot Ukraina, verken direkte eller indirekte.

– Dersom denne spesifikke saka hadde vore ei enkel avveging, så hadde me allereie utestengt Mondelez. I dette tilfellet veit me at ei utestenging frå daglegvare- og kioskmarknaden vil råka mange norske arbeidsplassar og norske forbrukarar gjennom at mange varer blir borte frå butikkar i det som kan vera ein lengre periode.

Nærigs- og fiskeridepartementet bekreftar overfor Børsen at det er Utanriksdepartementet som overtek førespurnaden frå Coop.

Utanriksdepartementet seier til NRK at dei saman med Nærings- og fiskeridepartementet vil opna for å møta norsk næringsliv til eit dialogmøte om tematikken.

Verken Rema eller Norgesgruppen føretek seg noko, og understrekar at dei etterlever norske sanksjonar.

Vy og Travel Retail Norway, som driv tax-free-butikkar på flyplassar som Gardermoen, Flesland og Værnes, vurderer også Freia si framtid i deira utsal.

Kvikk Lunsj-pause

Den Norske Turistforening har laurdag hatt eit møte om samarbeidet. Der vart det vedteke at dei stoppar samarbeidet inntil vidare.

– DNT fordømmer Russland sin angrepskrig mot Ukraina, og vi ventar at samarbeidspartnarane våre støttar opp om grunnleggjande verdiar som demokrati, fred og folkeretten. Så lenge Mondelez internasjonalt ikkje vil stansa verksemda si i Russland, kan vi ikkje ha eit aktivt samarbeid om Kvikk Lunsj, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

Turistforeningen generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang

Dag Terje Klarp Solvang i DNT seier dette får store økonomiske konsekvensar.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han seier DNT har hatt eit samarbeid med Kvikk Lunsj sidan 1960, og at dei vil vurdere å ta opp igjen dialogen med Freia om Mondelez blir fjerna frå svartelista.

– Dette får store økonomiske konsekvensar for Turistforeininga, seier Solvang til NRK.

Mondelez skriv i ei pressemelding at det er «ekstra trist at vi må pause samarbeidet med DNT».

Nordmenn et i snitt ni plater Kvikk Lunsj i året, og tre av desse blir nytta i påska, ifølgje NTB.

Toppfotball set samarbeid på pause

I slutten av mai lanserte Toppfotball Kvinner eit samarbeid med Freia. Fredag sende dei ut ei pressemelding der dei fortel at samarbeidet er sett på pause.

Dei grunngir samarbeidsbrotet med at dei har fått kjennskap til at Mondelez har fabrikkar i Russland.

– Me i Toppfotball Kvinner står skulder ved skulder med Ukraina og våre fotballvennar i deira fridomskamp mot Russland. Denne avgjerda skuldast at Mondelez International er ført opp på Ukraina si liste over selskap som held fram i Russland, seier dagleg leiar Hege Jørgensen.

TFK har underretta Freia om avgjersla som inneber at alle kampanjar og all form for profilering blir innstilt.

– Inntil Mondelez International har stengt ned sine fabrikkar i Russland, ser me ikkje at me kan halde fram samarbeidet med Freia, held ho fram.

– Begge partar forstår at denne situasjonen er veldig vanskeleg. Me har derfor blitt einige om å setta kampanjen på pause inntil fabrikkane er stengde, avsluttar ho.

Vil ikkje selje Freia på Ullevaal

Også elles i fotballen er Freia i fryseboksen.

På dei kommande landskampane på Ullevaal mot Skottland (17. juni) og Kypros (20. juni) blir det ikkje sal av Freia-produkt.

Kommunikasjonssjef Yngve Haavik i Noregs Fotballforbund understrekar at Freia ikkje er ein direkte samarbeidspartnar, men ein produktleverandør.

– Dei har vore ein god leverandør av kvalitetsprodukt til NFF sitt kiosksal. Me kjem likevel ikkje bort frå at Freia sin eigar, Mondelez, driv verksemd i Russland og har hamna på Ukraina si svarteliste. Me kjem uansett til å ha ein konstruktiv dialog med Freia framover, seier Haavik til NRK.

NFF står bak Uefa si avgjerd om å suspendera alle russiske fotballklubbar og landslag frå europeiske turneringar. Også det danske fotballforbundet har sett sitt samarbeid med Mondelez på pause.

Mondelez eig også sjokolanden toblerone.

Mondelez eig også sjokoladen Toblerone.

Foto: Alastair Grant / AP

Anerkjenner at det er kjensleladd

– Me anerkjenner at dette er ei kjensleladd sak og respekterer fullt ut at det er ulike meiningane om saka, skriv Mondelez International, som er eigarselskapet til Freia, til NRK.

– Det er likevel viktig å få fram at Freia er ei norsk merkevare, produsert på Rodeløkka i Oslo, basert på norsk mjølk. Produksjonen går ikkje føre seg i Russland, held dei fram.

Mondelez International fortel at dei vil vurdera nødvendige justeringar av drifta.

– Eigarselskapet vårt, Mondelez International, overheld alle politiske avgjerder og sanksjonar, og vil halda fram med å vurdera nødvendige justeringar av drifta for å sikra at me fullt ut overheld dette.

– Som mange andre selskap har me halde oppe ei avgrensa verksemd i Russland, men me har avslutta kapitalinvesteringar og reklame. Me har heile tida fordømt den brutale krigen. Samtidig har me bidrege til å halda oppe matforsyninga gjennom produkta våre, som er langtidshaldbare matvarer for vanlege folk, avsluttar dei.

AKTUELT NÅ