Fredrik skal prioriterast i vaksinekøen - men vart stansa av fastlegen

Alle med diabetes skal prioriterast i vaksinekøen. Likevel er det mange som får beskjed av fastlegen om at dei ikkje blir prioritert. Fredrik er ein av dei.

Fredrik Pettersen

Fredrik Pettersen høyrer til aldersgruppa som står sist i køen. Han er framleis usikker på om han blir prioritert, slik han eigentleg skal.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det er overraskande, og det er irriterande å måtte bruke tid på å ringe rundt, sitte i kø og finne ut av det, seier Fredrik Pettersen.

Han har diabetes type 1 og skal ifølge Folkehelseinstituttet sine nettsider vere prioritert i vaksinekøen. Likevel har han i det siste gått i ein slags ring fordi han fekk beskjed om at han hadde for stabilt blodsukkernivå til å kunne bli prioritert.

Han tok kontakt med Diabetesforbundet for å finne ut kva reglar som eigentleg gjeld, og det er han ikkje åleine om. Nesten dagleg får dei spørsmål om koronavaksine via sin Diabetestelefon.

– Alle med diabetes har mykje høgare risiko for å få eit alvorleg forløp ved korona, og eventuelt døyr. Så det er ikkje bra at folk vert ståande i kø og ikkje får koronavaksine, seier generalsekretær i Diabetesforbundet, Bjørnar Allgot.

Bjørnar Allgot, generalsekretær i Diabetesforbundet

Bjørnar Allgot forsøker å rydde opp i ei misoppfatning som ein del fastlegar har.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Hadde for god kontroll

Over 300.000 nordmenn har diabetes. Det er fleire personar enn det bur i Bergen, så pasientgruppa som skal prioriterast er stor.

Diabetes er rapportert å vere ein av dei vanlegaste grunnsjukdommane for koronapasientar med alvorleg sjukdomsgang, skriv Folkehelseinstituttet på sine nettsider.

I studium kor det er kontrollert for alder har pasientar med diabetes høgare risiko for alvorleg sjukdomsgang om dei får koronaviruset i kroppen. Det er grunnen til at gruppa skal prioriterast.

Men då Fredrik Pettersen tok kontakt med bydelen sin for å få vite om han stod på ei prioriteringsliste, så fekk han til svar frå fastlegen sin via HelseNorge.no at han ikkje var prioritert.

Forklaringa han fekk var at han hadde for god kontroll på blodsukkeret sitt over tid. Det såkalla langtidsblodsukkeret hans er målt til 44, som er eit stykke unna grenseverdien som fastlegen opererte med, som var på 58. Men det skal ikkje vere nokon grenseverdi, seier Diabetesforbundet.

Presisering frå FHI

– Det er heilt håplaust å begynne å tulle med den lista som styresmaktene har sett opp. Det er alder, overvekt og underliggande sjukdom som skal prioriterast, i den rekkefølgen. Det er viktig at ein held seg til den rekkefølgen no og ikkje startar med eigne vurderingar, seier Allgot.

Ifølge Allgot har 20-30 prosent av dei som har døydd av korona på verdsbasis hatt diabetes.

Folkehelseinstituttet opplyser til NRK at dei kjenner til at fleire med diabetes ikkje har blitt sleppt inn i prioriteringskøen av fastlegen sin. Dei har difor sendt ut ei presisering kor det kjem fram at alle med diabetes er prioritert.

For Fredrik Pettersen har det framleis ikkje løyst seg. Førebels tilhøyrer han gruppa som får vaksinen til sist: Personar mellom 25-39 år. Men no har han skaffa seg ny fastlege i bydelen kor han bur, og håpet er at ein ny lege betyr ei ny og annleis vurdering.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.09.2021
5 556
Smittede siste 7 dager
122
Innlagte
841
Døde
4 063 186
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger