Hopp til innhold

Fredrik Fasting Torgersen er død

Drapsdømde Fredrik Fasting Torgersen er død. I førre veke bad 80-åringen om at saka mot han vart gjenopptatt.

Fredrik Fasting Torgersen ser mot kameraet, han er utenfor leiligheten til kjæresten.

Fredrik Fasting Torgersen er død, 80 år gammal.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

Fredrik Fasting Torgersen er død, 80 år gammal. Han er kjent som domfelt i Torgersen-saka, ei drapssak frå 1957.

I 1958 vart han dømd til livsvarig fengsel og 10 års sikring for drapet på 16 år gamle Rigmor Johnsen i Oslo. Han sona 16 år i fengsel, og vart sett fri i 1974.

Kjempa for gjenopptaking til det siste

Rigmor Johnsen var på veg heim til bygården i Skippergata desemberkvelden i 1957. Klokka halv to om natta vart ho funnen under ein kjellarlem, med gammalt materiale over seg. Nokon hadde forsøkt å sette fyr på materialet, men det vart berre ein ulmebrann.

Portrett av Fredrik Fasting Torgersen i 1957

Portrett av Fredrik Fasting Torgersen i 1967, året han vart arrestert for drap.

Foto: SCANPIX / NTB scanpix

Rundt seks hundre meter vekke frå åstaden er Fredrik Fasting Torgersen blitt arrestert ein halvtime tidlegare, mistenkt for sykkeltjuveri.

Påtalemakta seier at Torgersen fulgte etter Johnsen, forsøkte å voldta, og drap henne.

Torgersen har heile tida hevda at han er uskuldig, og sagt at han er eit offer for justismord.

Dei som støttar Torgersen seier at politiet og påtalemakta frå første stund peila seg inn på Torgersen, og ikkje etterforska viktige spor. Dei tre tekniske bevisa i saka er blitt endevendt.

AKTUELT NÅ