Hopp til innhold

Fransk-svensk kulturprofil får skjerpa straff

Den fransk-svenske kulturprofilen Jean-Claude Arnault er dømt til to år og seks månader fengsel for valdtekt i Svea Hovrätt. Det er ei skjerping av dommen frå tingretten.

Jean-Claude Arnault

18 kvinner har skulda Jean-Claude Arnault for seksuelle overgrep og trakassering. No har Svea Hovrätt dømd han til to år og seks månader i fengsel for to valdtekter av ei og same kvinne. Det er ei skjerping av straffa frå tingretten, der han blei dømd for den eine valdtekta.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Kulturprofilen Jean-Claude Arnault var tiltalt for to valdtekter mot ei og same kvinne i 2011.

72-åringen blei tidlegare i år dømd til to års fengsel i Stockholm tingrett for den eine av dei to valdtektene, men både han og påtalemakta anka dommen. Arnault har avvist valdtektsskuldingane.

Svea Hovrätt, som svarar til lagmannsretten, har vurdert bevisa på ein annan måte enn tingretten, og har kome fram til at Arnault også kan straffast for den andre valdtekta. Dommen blir difor skjerpa til to år og seks månader.

Nobelbråk

Saka mot kulturprofilen har vekt stor merksemd i Sverige fordi ho har spelt ei sentral rolle for konflikten som ramma Svenska Akademien tidlegare i år. Det førte til at fleire medlemmar av institusjonen gjekk av. Skandalen har også ført til at det ikkje blir delt ut nokon nobelpris i litteratur i år.

Arnault har drive eit kultursenter som har fått pengestøtte av Svenska Akademien, institusjonen som delar ut Nobels litteraturpris. Han er også gift med lyrikaren Katarina Frostenson, som fram til april var medlem av akademiet.

I kjølvatnet av metoo-kampanjen hausten 2017 skulda i alt 18 kvinner Arnault for seksuelle overgrep og trakassering. Skuldingane blei framsett i ein artikkel i Dagens Nyheter.

AKTUELT NÅ