Henry meiner eigarane bak store sosiale medier-plattformer som Twitter, Facebook og Instagram må gjere meir for å få bukt med meldingar som inneheld trakassering og rasisme.
Henry blir dermed den siste i rekkja av kjendisar som rykkjer ut og set fokuset på temaet.
I ei fråsegn seier Henry, som har i alt 14,8 millionar følgjarar fordelt på ulike plattformer, at han vil slette alle kontoane sine frå laurdag.
– Det store omfanget av rasisme, mobbing og der igjennom mentale torturen er for giftig til å ignorere, seier Premier League-legenda.
I eit stikk til leiinga i sosiale medie-selskapa, ymtar Henry om at dei er langt meir opptekne av andre ting enn rasisme.
– (...) Eg fjernar meg sjølv fra sosiale medier fram til folka med makt er i stand til å regulere plattformane deira med same innsats og styrke som dei gjer om du bryt opphavsrett, skriv Henry.
Twitter jobbar med saka
Franskmannen ber vidare om at større grad av ansvar må liggje til grunn for aktiviteten i sosiale medium.
– Det er altfor lett å opprette ein konto, og å nytte denne til å mobbe og trakassere utan at det får konsekvensar fordi ein kan vere anonym, seier Henry.
– Fram til dette endrar seg, kjem eg til å deaktivere kontoane mine på alle plattformer. Eg håpar endringa kjem snart, legg han til.
Selskapa bak Twitter og andre sosiale medium har den siste tida vore under kraftig press. Det blir stilt krav frå mange hald om grep for å få brukt med trakasserande meldingar.
Twitter opplyste førre veke at det blir jobba med saka, og at det er nulltoleranse for mobbing.
Følgde etter Teigen
Den tidlegare stjernespissen Henry er tidenes mestskårande spelar for det franske landslaget. Han har i lang tid vore ei klar stemme i rasismedebatten i fotballen.
Ei rekkje Premier League-spelarar har vore utsette for rasisme denne sesongen.
Henrys avgjerd om å leggje aktiviteten i sosiale medium på is, kom dagen etter at den amerikanske modellen og TV-personen Chrissy Teigen gjorde det same.
– Tida har komme til at eg seier adjø, skreiv ho fredag.