Hopp til innhold

Jon Helgheim (Frp) fryktar muslimsk aktivitetssenter skal hemme integrering

Islam Net har fått kritikk for planane om aktivitetssenter i Oslo. Torsdag inviterte dei til dialogmøte. Etter møtet var stortingsrepresentant Jon Engen-Helgheim (Frp) framleis skeptisk til planane.

Jon Helgheim (Frp)

Jon Engen-Helgheim (Frp) er skeptisk til at Islam Net ønsker å etablere eit aktivitetssenter i Oslo. Han fryktar det skal føre til at barn og unge ikkje blir integrert i det norske samfunnet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

I mars blei det kjent at organisasjonen Islam Net ønsker å etablere eit muslimsk aktivitetssenter med blant anna treningssenter, bibliotek og bønnerom aust i Oslo.

Dei har kjøpt ein eigedom, som ifølge Filter Nyheter skal ha hatt ein prislapp på rundt 60 millionar kroner. Nyleg betalte dei siste avdraget på salet.

Pengane har kjem frå innsamlingsaksjonar blant medlemmane dei siste ti åra, og ein open innsamlingsaksjon på nett, seier Islam Net-leiar Fahad Qureshi.

– Pengane kjem frå privatpersonar. Ingen statlege organisasjonar har bidrege. Dei fleste har betalt mindre summar. Berre ei handfull donasjonar er det ein kan kalle for store, men desse er igjen under 100.000 kroner, seier han.

Inviterte til møte

I Oslo har dei fleste partia i bystyret vore skeptiske til planane, og sagt at dei ikkje ønsker seg eit slikt senter

Også trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) har vore uroa. Jon Engen-Helgheim (Frp) fremja eit lovforslag på Stortinget som kunne ha sett ein stoppar for planane. Men forslaget blei nedstemt.

Fahad Qureshi

Islam Net-leiar Fahad Qureshi seier dei ønsker å etablere ein norsk muslimsk identitet, og bidra til at muslimar blir godt integrert i Noreg. Bildet er frå 2018.

Foto: NRK

Islam Net meiner forsøka på å hindre dei å etablere senteret er diskriminering. Difor inviterte dei politikarar og forskarar til dialogmøte.

– Vi ønskte å vise at vi jobbar for integrering og står for dei same gode, norske verdiane. Vi jobbar for at unge muslimar skal lære seg godt norsk, ha norske vennar, ta høgare utdanning og delta i det norske fellessamfunnet og delta i demokratiet, seier Qureshi til NRK.

Han brukte også tid i møtet til å ta avstand frå tidlegare standpunkt, og sa at Islam Net var opptekne av å motverke radikalisering og støtte opp under demokratiet.

Les også: Qureshi ikkje lenger like sikker

Helgheim framleis skeptisk

Islam Net hadde invitert fleire av politikarane som hadde kritisert planane, men det var berre Helgheim og KrFs gruppeleiar i Oslo bystyre, Espen Andreas Hasle, som takka ja til invitasjonen. Det var til tider høg temperatur der Helgheim fekk mykje motstand frå dei andre paneldeltakarane.

Etter debatten var han framleis skeptisk til planane.

– Problemet med slike senter er at barn og unge ofte brukar for mykje av fritida si der. Spesielt unge med innvandrarbakgrunn burde bruke meir tid på å sosialisering og fritidsaktivitetar der ein møter ein større miks av folket.

Les også: Islam Net gleder seg over dom i Strasbourg: Kan innskrenke blasfemi-ytringar

Les også: Islamsk konferanse vil ikke oppgi foredragsholdere

Helgheim meiner slike senter, uansett trussamfunn, er med på å gjere integreringa vanskelegare.

– Vi veit at det er slik i dag, og vi veit at det er trussamfunn som er langt mindre radikale enn desse har vore tradisjonelt, som har tilbod som eg også går over ei grense, seier han.

Saken er 4. juli oppdatert med ei presisering om at pengane også kjem frå ein open innsamlingsaksjon på nett, og at alle donasjoner er på mindre enn 100.000 kroner.

AKTUELT NÅ