NRK Meny
Normal

FpU vil ha lovleg cannabis

FpU vedtok i dag på landsmøtet sitt å gå inn for legalisering av cannabis og andre lettare narkotiske stoff. Moderpartiet vil det heilt motsette.

Avstemming legaliseringsdebatt i Fpu

FpU gjekk i dag inn for å legalisere cannabis på landsmøtet sitt i Oslo.

Foto: Renate Gjerde

FpU kastar seg dermed på det som kan kallast ei ny politisk trendbølgje i Noreg.

I februar vedtok lokallaget til St. Hanshaugen SV i Oslo å gå inn for legalisering, og for knappe to veker sidan gjekk Bergen Venstre inn for det same. Ungdomspartiet til Venstre gjekk inn for legalisering allereie i 2008.

Moderpartiet slaktar forslaget

Ulf Leirstein

Ulf Leirstein i Frp seier at moderpartiet meiner den strake motsetnaden frå FpU i spørsmålet om legalisering.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Justispolitisk talsmann i Framstegspartiet, Ulf Leirstein, deltek sjølv på dagens landsmøte. Han seier til NRK.no at han skjønar at ungdommen er lei av dagens narkotikapolitikk, men tek sjølv sterk avstand frå legalisering.

– Dette er ikkje ein politikk som Frp vil gå inn på. Eg synest ungdommen har ein fin debatt, og eg ser at det er litt i desperasjon om at politikken i dag ikkje fungerer. Då vil dei kanskje prøve noko anna. Men eg og Frp ønskjer ein nulltoleranse, så her er me rett og slett ueinige.

– Men er du nøgd med ruspolitikken slik den er i dag?

– Nei, absolutt ikkje. Eg ønskjer å gå motsett veg. Me skal ikkje ha noko av det.

Leirstein fryktar likevel ikkje at FpU-representantane skal forandre politikken til moderpartiet. Men han ønskjer likevel debatten velkomen.

– Mange av oss var rebellar då me var unge. Så eg trur nok dei vil moderere seg. Men eg har ingen problem med debatten. Me vaksne politikarar må ta denne politikken på alvor. Debatten helsar eg velkomen.

Glad for selskap

sveinung rotevatn

Sveinung Rotevatn i Unge Venstre rosar Fpu for å følgje etter i legaliseringsdebatten.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Leiaren i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, er svært glad for at dei no får selskap av fleire i synet i legaliseringsdebatten.

– Det er veldig kjekt å sjå at fleire har begynt å gå vekk frå ei berre moralistisk haldning og innta ein meir realistisk haldning, seier han til NRK.no.

Rotevatn meiner det er eit generasjonsskifte i rusdebatten, som gjer seg synleg i mange politiske parti.

– Me ser det me kan kalle ei rørsle i norsk politikk. No snur FpU og lokallag i både Venstre og SV, så eg tolkar dette veldig positivt. Me i Unge Venstre har blitt svært utskjelt for dette tidlegare, og no får me støtte av fagfolk.

AUF kritisk

AUF-leiar Eskil Pedersen er derimot svært kritisk til forslaget mom legalisering.

– Eg meiner dette er ein fallitterklæring. Me veit kor stor skade det gjer på enkeltpersoner og samfunnet. Vegen er ikkje å opne opp for meir lovleg bruk av rusmiddel. Det ville ha vore ein ganske radikal endring av narkotikapolitikken i dag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger