Hopp til innhold

FpU meiner nytt lovforslag minner om sovjetiske tilstandar

Regjeringa opnar i eit nytt lovforslag for at etterretningstenesta skal kunne lagre trafikkdata frå all nettrafikk som kryssar den norske grensa. FpU meiner det strir mot grunnleggande rettsprinsipp.

Bjørn-Kristian Svendsrud

Fpu-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud meiner lovforslaget til ny e-tenestelov strir mot grunnleggande rettsprinsipp. Sjølv om hensikta med forslaget er godt, er ikkje forslaget godt, seier han.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Lovforslaget til ny e-tenestelov som no er sendt på høyring, opnar for at etterretningstenesta skal kunne lagre og søke i metadata frå all nettrafikk som kryssar norskegrensa. Det vil blant anna seie all bruk av sosiale medium, dei fleste e-post-tenestene og søketenester. Lagring og søk skal skje etter rettsavgjerd frå hemmelege rettsmøte i Oslo tingrett.

Formann i FpU Bjørn-Kristian Svendsrud meiner forslaget set rettstryggleiken i fare om det blir vedteke.

– Slik forslaget ser ut no, er det hårreisande. Det minner om sovjetiske tilstandar. Noreg skal vere ein rettsstat. Det vil seie at alle er uskuldige til det motsette er bevist.

Han seier han er skremt over måten personvernet blir innskrenka på i lovforslaget.

– Vi har nøydd til å ta vare på personvernet, og det meiner eg dette forslaget ikkje maktar å gjere. Intensjonen kan vere så god den berre vil, men dette forslaget går mot grunnleggande prinsipp, etter mitt syn.

Ønsker å hindre dataangrep

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) meiner lova vil gjere Noreg betre rusta til å forsvare seg mot hackerangrep. Han seier personvernet blir truga også dersom nokon hackar ein norsk institusjon for skaffe seg personopplysningar.

– Dette handlar ikkje primært om terror, det handlar om digitale angrep som kan blir misbrukt på måtar vi ikkje heilt kan sjå.

Frank Bakke-Jensen

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier det er viktig at Noreg kan forsvare seg mot digitale angrep. Personvernet blir for eksempel truga om nokon bryt seg inn i ein norsk institusjon for å hente ut personopplysningar.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Etterretningstenesta skal kunne lagre trafikkdata i opp mot 18 månader før det blir sletta. Søk og innhenting skal skje etter ei hemmeleg domstolsprøving. Men Bakke-Jensen fryktar ikkje misbruk.

– Lovforslaget som er sendt på høyring, er godt innanfor dei personvernomsyna vi meiner vi skal ta. Samtidig har vi EOS-utvalet, Stortingets kontrollorgan, som kontrollerer E-tenesta i desse sakene.

Omfattande informasjon

Advokat Jon Wessel-Aas i advokatkontoret Bing Hodneland har arbeidd mykje med personvern og ytringsfridom. Han synest det er positivt at det ikkje er ein spesialdomstol som skal avgjere om E-tenesta får innsyn. Samtidig er han skeptisk til kor mykje informasjon dei skal kunne hente ut på eitt innsyn.

– Når etterretningstenesta har fått lov til å gjere søk, seier lovforslaget at løyvet skal gjelde to ledd ut i kommunikasjonen. Utrekningar ved Stanford viser at styresmaktene då kan få innsyn i kommunikasjonen til opp mot 25.000 menneske.

Det vil seie at E-tenesta kan hente ut informasjon om langt fleire personar enn den enkeltpersonen dei i utgangspunktet bad om innsyn på.

Jon Wessel-Aas

Advokat Jon Wessel-Aas er skeptisk til kor mykje informasjon etterretningstenesta kan hente ut på eitt søk. Dersom dei får løyve til å hente inn informasjon to ledd ut frå utgangspunktet, viser utrekningar at opp mot 25.000 menneske kan bli sjekka på eitt innsyn.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Forsvarsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det er opp til domstolen å vurdere kor mange ledd ut etterretninga kan hente informasjon. Men at dei kan gi løyve i inntil to ledd.

Men det er ikkje full semje om lovforslaget i regjeringa. Abid Raja (V) seier dei opnar for å ta dissens i denne saka.

– No er lovforslaget sendt ut på høyring. Eit spørsmål om dissens må vi ta stilling til seinare. For Venstre er det ekstremt viktig å ta vare på personvernet til den enkelte.

AKTUELT NÅ