Hopp til innhold

FpU-fylkestopp ut mot Listhaugs metoo-kritikk

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug bagatelliserer metoo-kampanjen i hennar nye bok, meiner fylkesformannen i Sogn og Fjordane FpU.

Sylvi Listhaug overtar som nestleder i Frp

Sylvi Listhaug då ho vart utnemd til nestleiar i Frp i september.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Morten André Njåstad Nordanger

Morten André Njåstad Nordanger er fylkesformann i Sogn og Fjordane FpU.

Foto: FpU

– Eg skjøner ikkje heilt poenget med dette, seier Morten André Njåstad Nordanger, fylkesformann i Sogn og Fjordane FpU.

Han viser til Frp-nestleiar Sylvi Listhaugs oppgjer med metoo-kampanjen i hennar nye bok «Der andre tier».

Listhaug kritiserer venstresida for å nytte «det å vere offer som ein form for kapital som kan brukast for å framheve sin eigen posisjon og argumentere for å bli kvotert opp og fram».

Det blir gløymd bort at metoo handlar om folk som blir trakassert, det handlar ikkje om å vere politisk korrekt. Det er ein annan debatt, seier Nordanger.

– Bagatelliserer metoo

Fylkesformannen er ein av dei mange FpU-politikarane som i vår støtta eit opprop mot Frp-leiingas handtering av metoo-saker.

Han forstår frustrasjonen Sylvi Listhaug uttrykker i si nye bok over at det blir mykje pressedekking rundt metoo. Men han er usamd i resten av kritikken.

Les meir: Listhaug-oppgjør med #metoo-bevegelsen og feminister

– Tenker du at ho bagatelliserer metoo-kampanjen?

– Ja, eg er litt usamd i måten ho bagatelliserer metoo på. Ho seier det er noko venstresida brukar mot oss, at det er noko politikarar brukar. Det blir for vridd. Det er ei grunn til at sakene kjem opp, seier Nordanger.

Han understrekar at metoo eigentleg ikkje er politisk, men eit nytt middel for folk til å få høve til å varsle om viktige saker som har plaga dei lenge.

– Eg er for likestilling

Han påpeikar at det ikkje berre er feministar på den radikale venstresida som kjempar for likestilling.

– Som liberalist er eg også for likestilling og lik behandling. Ein skal ikkje krenke nokons personlege fridom. Er det ein ting eg kjemper for, er det at slike saker skal bli høyrde og få ei rettferdig dømming.

Han meiner at gutar må kunne ta kontakt med jenter, skal verda kunne gå rundt, men at det ikkje tyder at ein skal «gå rundt og slå folk på rumpa».

– Det finst grenser for kva du skal gjere. Det er ikkje greitt for ein kar å gå og klapse nokon på rumpa sånn heilt ut av det blå, uansett om du er på fest eller ikkje, understreker Nordanger.

Avviser bagatellisering

Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hordaland FpU

Martin V. Jonsterhaug er fylkesformann i Hordaland FpU.

Foto: Aksel Hansen

Partikollega Martin V. Jonsterhaug, fylkesformann i Hordaland FpU, avviser at Listhaug bagatelliserer metoo-kampanjen.

– Eg føler ikkje det, eigentleg.

Han ønskjer ikkje å utdjupe kvifor.

Saman med økonomiansvarleg Ingeborg Bjørnevik i FpU Hordaland, fronta han oppropet mot Frp-leiingas handtering av varsel om seksuell trakassering i vår.

Dei ønskjer ikkje å kommentere det Listhaug no skriv om metoo og at den radikale venstresida ser offerrolla som ein form for kapital.

Bjørnevik understrekar at kritikken mot partiets handtering av metoo-varsel står ved lag.

– Det var uheldig at moderpartiet ikkje tok grep. Så vidt eg kjenner til, har det ikkje vore liknande saker no. Vi må håpe på ei reell endring framover, seier ho.

– Kan Listhaugs ytringar forklare kvifor leiinga etter dykkar meining ikkje handterte metoo godt nok?

– Nei, eg tenker at heile det politiske Noreg feila under metoo, og at det låg andre ting bak. Også næringslivet og media, som NRK, har hatt sine utfordringar, utan å ha blitt hengt ut på same måte. Det er ikkje unikt for politikken, seier Jonsterhaug, og peikar på at det kom 19 varslar i NRK.

– Metoo var nødvendig

Dei viser begge forståing for Listhaugs utsegn om at det kan bli litt mykje merksemd rundt metoo-saker i media.

– Eg ser poenget med at folk kanskje er litt lei av metoo-kampanjen, men eg tenker at det er ei viktig rørsle, og at det var viktig at folk vart merksame på kva som føregjekk, seier Jonsterhaug.

– Dei mange medieoppslaga viser at det er eit forbetringspotensial for politikarars åtferd og at kampanjen har vore nødvendig, seier Bjørnevik.

FpUs generalsekretær, Tonje Lavik, ønskjer ikkje å kommentere saka før ho har lest heile boka til Listhaug.

– Avsporar feminismedebatten

På Twitter uttalar Julia Sandstø at Listhaug avsporar feminismedebatten. Sandstø er tidlegare fylkesleiar i KrFU Akershus, men gjekk til Høgre etter at ho opplevde at hennar varsel om seksuell trakassering ikkje vart godt handtert av KrFU-leiinga.

Ho ber folk ta seg saman.

– Det er folk som Listhaug og kvinnegruppa Ottar som avsporar feminismedebatten. Feminisme tilhøyrer ikkje sosialistane. Metoo handlar ikkje om meir armholehår, ei heller sutring over plystring på gata, skriv Sandstø.

Laster Twitter-innhold

Arbeidarpartiets familietalskvinne Anette Trettebergstuen reagerer på Listhaugs bok på Facebook:

– ‪Nei, Listhaug. Ingen meiner at plystring er overgrep. #Metoo-rørsla og feministar jobbar for at kvinner skal ha same fridom som menn, og sleppe trakassering offentleg, privat og på jobb. Frp i eit nøtteskal, skriv Ap-politikaren.

AKTUELT NÅ