Fotballkampen på Berger kunstgrasbane på Nesodden starta klokka 19.30 fredag kveld. Like etter klokka 21 kom det til munnhoggeri mellom to spelarar som enda i slåstkamp mellom både spelarar og leiarar. Kampen vart deretter avbroten, ifølgje politiet.
For ein av Nesodden-spelarane enda kvelden på Akershus universitetssjukehus der han måtte få behandling for valden han vart utsett for av spelarar frå Oslo-laget. Ifølgje politiet har mannen moderate skadar.
– Det heile starta som munnhoggeri mellom to spelarar. Ein av spelarane på Nesodden vart slått i bakken av folk frå bortelaget, og han måtte verne seg mot fleire slag frå spelarar på det andre laget medan han låg på bakken, fortel operasjonsleiar Terje Marstad i Aust politidistrikt til NTB.
– Vitne har sagt at leiarar frå Ellingsrud ikkje gjorde noko forsøk på å roe gemytta. Til slutt var det publikum som måtte gripe inn. Dette ser vi veldig alvorleg på. Ein fotballkamp skal vere ein trygg stad for ungdommar, seier Marstad.
Fotballkampen på G19-nivået vart avbroten, men oppgjeret enda ifølgje nettsidene til fotballforbundet 5-3 til Nesodden. Spelarane på Ellingsrud fekk tre gule kort under kampen.
– Politiet har starta etterforsking med sikte på straffeforfølging av valdsutøvarane, seier operasjonsleiaren.