Hopp til innhold

Karpe spelte første konsert i historisk prosjekt i Spektrum

I kveld spelte Karpe den første av ti konsertar i Oslo Spektrum i august. Det er den største konsertrekkja i Noregs historie.

Karpe på scenen på den første

KONSERT: Rap-duoen Karpe spelte sin første av 10 konsertar i Oslo Spektrum laurdag.

Foto: André Børke / NRK

Laurdag sparka rap-duoen Karpe i gang eit historisk prosjekt.

10 gonger i august fyller Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid Oslo Spektrum.

For eit useld Spektrum dansa og song dei, og Magdi køyrde ei kreativ variant av «stage diving» då han rei på ein stor oppblåsbar hai over publikum.

Magdi på en stor hai i Spektrum

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid rei på ein stor hai over publikum i Oslo Spektrum.

Foto: André Børke / NRK

Den oppblåsbare haien har blitt ikonisk i sommar. Karpe hadde han blant anna med då dei gjesta Neon-festivalen i Trondheim og Slottsfjellfestivalen i Tønsberg.

Spektrum-konserten bestod mykje av låtar frå deira nyaste EP «Omar Sheriff». Det er første gang Karpe verkeleg leikar seg med å blande norsk og arabisk i låtane. Publikum fekk også eit gjenhøyr med dei mest populære innslaga frå den neste halvtime lange låten «SAS Plus/SAS Pussy» frå 2019.

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid under den første av Karpes 10 konserter i Oslo Spektrum i August.

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel leikar seg meir med å blande norsk og arabisk på den nyaste EP-en deira.

Foto: André Børke / NRK

Konsertrekkja skulle eigentleg vore spelt i august i 2021. Han blei som mange andre kulturarrangement utsett på grunn av koronapandemien. Showet blei lansert allereie i 2019.

Chirag Rashmikant Patel på den første av 10 konserter i Oslo Spektrum

Chirag Rashmikant Patel

Foto: André Børke / NRK

– Noreg er ein ung nasjon når det kjem til multikultur. Og det er ein del upløyd mark når det gjeld å blande kultur og språk i musikken, har Chirag uttalt til NRK i forkant av konsertrekkja.

Publikum foran Karpe på scenen under den første av 10 konserter i Oslo Spektrum i august.

Publikum fekk seg eit realt show da Karpe sparka i gang den første av 10 konsertar i Oslo Spektrum i august.

Foto: André Børke / NRK

Flammane frå pyro-showet gjorde det heitt i Oslo Spektrum. Publikum tok ekstra av då Karpe spelte låten «jeg bruker ikke kondom».

Lysshow under Karpes første av 10 konserter i Oslo Spektrum.

Karpes første av 10 konsertar i Oslo Spektrum.

Foto: André Børke / NRK
Lysshow under Karpes første av 10 konserter i Oslo Spektrum

Lysshow under Karpes første av 10 konsertar i Oslo Spektrum.

Foto: André Børke / NRK
Publikum i Oslo Spektrum

Publikum i Oslo Spektrum.

Foto: André Børke / NRK

Inviterte fotballag

Denne veka deltok 25 ungdommar frå Palestina og Libanon på Norway Cup.

På t-bana heim frå Ekebergsletta i Oslo dansa ungdommane til Karpe si låt PAF.no og la ut video på Instagram.

Fotballag frå Palestina og Libanon klar for Karpe-konsert.

Fotballag frå Palestina og Libanon spelte tidlegare i veka på Norway Cup, og no er dei klar for Karpe-konsert.

Foto: André Børke / NRK

Det fekk rap-duoen med seg, og inviterte ungdommane til å kome på laurdagens konsert.

Det er veldig gøy at dei vart merksame på oss, seier Altayeb Albuhaisi (14).

Han er ein av ungdommane, og skal i dag på sin første konsert.

– Eg gler meg veldig.

Altayeb Albuhaisi skal på Karpe-konsert i Oslo Spektrum.

14-år gamle Altayeb Albuhaisi gler seg til konsert.

Foto: André Børke / NRK

Dei stilte med to fotballag på Norway Cup, eit jentelag og eit gutelag.

Gutelaget vann bronse i cupen, og som takk for at dei får kome på konsert seier Albuhaisi at dei skal gi pokalen til Karpe.

Fotball-palestina-libanon-karpe-060822

Fotballaga frå Palestina står utanfor Oslo Spektrum og ventar i spenning før dei skal på konsert til Karpe.

Foto: André Børke / NRK
Fotball-palestina-libanon-karpe-060822
Foto: André Børke / NRK
Fotball-palestina-libanon-karpe-060822

Det er mykje dans og moro før ungdommane skal inn på konserten.

Foto: André Børke / NRK

Ungdommane er i Noreg i ei tid der heimstaden deira er under angrep.

Fredag sa Palestinske styresmakter at minst ti menneske er drepne og 79 skadde etter israelske angrep mot Gazastripa. Israel har varsla at angrepa vil halde fram ei veke til.

Gira publikummarar

Over 100.000 billettar til Karpe-konsertane er selde, og det er ingen som har hatt ti konsertar i Oslo Spektrum etter kvarandre.

Publikum er klar for den første av dei ti konsertane Karpe skal spele på Oslo Spektrum.

Publikum er klar for den første av dei ti konsertane Karpe skal spele på Oslo Spektrum.

Foto: ANDRÉ BØRKE / NRK

NRK møtte Sofie Vold og Helena Tennøy i køen utanfor Spektrum tidlegare på kvelden. Dei har vore klare sidan dei kjøpte billettane i 2019.

Vi er veldig gira! Vi har venta lenge, seier Vold.

Sofie Vold og Helena Tennøy har gleda seg til Karpe-konserten sidan dei kjøpte bilettane i 2019.

Sofie Vold og Helena Tennøy har gleda seg til Karpe-konserten sidan dei kjøpte billettane i 2019.

Foto: André Børke / NRK

– Eg har gleda meg til denne konserten skikkeleg lenge, og eg har høyrt på songane til Karpe i mange år, legg ho til.

Les også 10 spørsmål til Karpe før 10 konserter i Spektrum

Karpe før Spektrum

Retting: I ein tidlegare versjon sto det at ungdommane frå Palestina og Libanon skulle møte Karpe. Den planen vart endra, slik at dei ikkje fekk høve til å møte rap-duoen likevel.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger