Hopp til innhold

Krev ny Knutby-etterforsking

Helge Fossmos opplysningar om at fleire personar var innblanda i morddramaet i Knutby, må granskast. Det krev den tidlegare Knutby-pastorens advokat, Peter Althin.

Knutby-pastoren Helge Fossmo
Foto: Passregisteret / SCANPIX

- Vi krev overprøving av vedtaket om ikkje å gå vidare med dei nye opplysningane som har kome fram, seier Althin til Upsala Nya Tidning.

Ifølgje advokat Peter Althin er det framleis fleire uklare moment i saka, og desse punktane må granskast i ei gjenopptakingssak.

- Andre personar var innblanda

Det var i byrjinga av året Helge Fossmo blei forhøyrd av politiet i Uppsala. Då var han klar til å erkjenna si eiga deltaking, og han hevda at også andre personar var innblanda i drapsplanane, skriv avisa.

Både aktoratet og politiet vurderte ikkje opplysningane hans som tilstrekkelege for å setja i gong ny etterforsking.

Ifølgje Upsala Nya Tidning kjem Peter Althin i løpet av kort tid til å levera inn ein formelt krav til påtalemakta i Uppsala.

AKTUELT NÅ