Kan bli snarleg nedsal av SAS

– Det er ingen grunn i seg sjølv til at vi må eige SAS, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Etter at selskapet i det siste har levert svært gode resultat, er det fleire som spår at staten no vil trekke seg heilt ut av selskapet.

SAS-fly

OPPOVER: Flyselskapet Scandinavian Airlines (SAS) gjer det godt om dagen, derfor kan eit snarleg sal vere aktuelt for regjeringa. På bilete eit SAS-fly SE-RJR som tek av frå Gardermoen.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

SAS flyr høgt. Det viser selskapet sine kvartalstal, samt ein god posisjon på dei skandinaviske børsene. Der har SAS-aksjen letta rundt 50 prosent det siste året.

– Det er det beste førstekvartal eg kan hugse at SAS har levert i dei femten åra eg har dekkja selskapet, seier SAS-analytikar, Jacob Pedersen i danske Sydbank.

Han reknar med at SAS-oppsvinget er ei anledning for den norske regjeringa å handle.

– Eg forventar at den norske regjeringa gjer det no, seier han.

Regjeringa har i sju år hatt fullmakt frå Stortinget til å selje seg heilt ut av SAS. Men selskapet har i fleire år hatt sterk motvind, noko som ville gi lite gevinst i eit eventuelt sal. No er det altså annleis.

Næringsministeren: – Eit spørsmål om riktig kjøpar

Næringsministeren er imponert over og glad for dei gode tala frå SAS.

Oslo Met

VIL SELJE: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil selje staten ut av SAS, men vil vente til riktig tidspunkt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det er jo eit fantastisk resultat for SAS, som forsiktig sagt har hatt tøffare periodar. Det er også bra for det norske folk, i og med at det er deira skattepengar vi har i selskapet, seier Torbjørn Røe Isaksen (H).

Høgre har lenge vore for at staten skal selje seg helt ut av selskapet.

– SAS er eit selskap som staten eig, utelukkande av forretningsmessige omsyn. Det betyr at det i seg sjølv ikkje er noko grunn til at vi må eige SAS, seier næringsminister Røe Isaksen.

– Er det riktig tidspunkt for å selje no?

– Det er rett og slett eit spørsmål om riktig kjøpar og pris. Det vil vere avgjerande før vi kjem dit, seier han.

Under 10 prosent

Dei siste åra har den norske eigardelen i SAS krympa. I 2016 vart ein del aksjar selt. Og så, på tampen av 2017, vart eigardelen ytterlegare utvatna når staten ikkje deltok i den siste SAS-emisjonen. Dermed har den norske aksjeandelen allereie krympa frå 14,2 prosent til 9,8 prosent.

Investorane tok dessutan svært vel imot SAS' siste emisjon. Interessa for kapitalutvidinga var så stor, at flyselskapet auka talet på nye aksjar meir enn planlagt. Det kan og vere godt nytt for regjeringa – fordi det tyder at næringsdepartementet kan finne kjøparar når dei ynskjer å selje sin store aksjepost.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger