Hopp til innhold

Forveksla Frp-politikar med jordmor frå Bergen

Høyr korleis det gjekk då ei jordmor frå Bergen skulle snakke om varslaren Edward Snowden på direktesendt nasjonal radio.

Turi Grønbech viser frem spørsmålene

Programleiar Turi Grønbech måtte plutseleg improvisere meir enn ho plar på lufta, då ho heilt uforvarande fekk ein jordmor på tråden.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Karin Woldseth er ein Frp-politikar som sit på Stortinget for Hordaland. Kari Woldseth frå Bergen jobbar som jordmor, og har aldri vore på radio før.

– Ei dame frå NRK ringde og spurte om eg ville vere med på nyheitene for å uttale meg om kva eg synest om at Edward Snowden er nominert til Nobels fredspris, seier Kari Woldseth, som fekk ein ganske så overraskande telefon frå NRK på morgonkvisten tysdag.

Hør lydklippet:

Programleiar Turi Grønbech måtte plutseleg improvisere meir enn ho plar på lufta, då ho heilt uforvarande fekk ein jordmor på tråden.

– Vart litt stressa

Kari forklarte at ho ikkje hadde så god greie på Snowden-saka, men ho tenkte at dette var ein del av eit «fem på gata-intervju», og stilte difor opp.

Kari Woldseth

Kari Woldseth jobbar som jordmor i Bergen.

Foto: Privat

– Men då ho sa at eg skulle snakke med Audun Lysbakken på lufta vart eg litt stressa. Eg syntest ingenting om at eg skulle kome i dialog med han. Eg driv jo på med små babyar.

« ... men det synst ikkje Karin Woldseth, du sit i utanrikskomiteen på Stortinget for Frp. Kvifor ikkje det?»

(stille)

«Karin Woldseth, er du med oss?»

«Ja, men eg sit ikkje der. Eg er berre ein jordmor som sit i Bergen. Så du har nok kanskje tatt litt feil.» (latter)

– Ein programleiars verste mareritt

Programleiar i Nyheitsmorgon på P2, Turi Grønbech, fortel at ho ikkje ante kva som skjedde då det plutseleg vart stille i den andre enden.

– Eg skjønte ikkje heilt kva som var skjedd, men eg skjønte at noko var gale. Så ser eg ut i kontrollrommet gjennom glasveggen og ser at alle sit stive. Då tenkte eg berre «Hæ?!»

Det gjekk fort opp for Dagsnytt-redaksjonen at nokon hadde sett litt feil i telefonkatalogen, og ikkje fått auge på N-bokstaven som skilte Frp-politikaren frå jordmora.

Då programleiaren var ferdig med sendinga vart ho møtt med kollektiv latter av kollegaane. Men der og då var det ikkje berre gøy.

– Eg ler godt av det no, men det var ikkje gøy i byrjinga. Dette er jo ein programleiars verste mareritt, fortel Grønbech.

Vil gi fredspris til gynekolog

Jordmora frå Bergen ser berre humoristisk på opplevinga, men ho meiner det er synd at ho ikkje fekk ein sjanse til å seie kva ho eigentleg meiner om Nobels fredspris. Difor får ho ei ny sjanse no.

– Eg ønskjer at Catherine Hamlin skal få prisen. Ho er ein australsk gynekolog som har dedikert heile livet sitt til Fistula-kvinner i Etiopia. Ho fyller 90 år neste år, og opererer framleis kvinner. Ho fortener prisen, og det var difor eg greip sjansen og stilte opp på radio.

– Så, kva synest du då om å gi fredsprisen til Edward Snowden?

– Nei, eg synest ikkje han fortener fredsprisen. Det er jo ikkje greitt å drive og lekke. Å vere ein utru tenar likar eg ikkje, om ein er på sjukehuset eller andre stadar.

AKTUELT NÅ