NRK Meny
Normal

Fortsatt ingen møter mellom Navarsete og Borch

Etter å ha skjelt ut leiaren i Senterungdommen, Sandra Borch, lova Liv Signe Navarsete tettare og betre kontakt. Så langt har lite skjedd.

Liv Signe Navarsete og Sandra Borch

Dei skulle ha fleire og betre møte, og i november skulle dei på hyttetur. Så langt har det blitt med planane for Sandra Borch og Liv Signe Navarsete.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I oktober vart det kjent at Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete skjelte ut Borch på ein konferanse i Troms.

Bakgrunnen var ein kronikk Borch hadde skrive i Aftenposten, der ho trekte fram Sp-nestleiar Ola Borten Moe som ein sterk kandidat til å overta den dagen Liv Signe Navarsete gir seg som leiar.

Senterungdomsleder Sandra Borch mener fortsatt at Ola Borten Moe er en fremtidig Sp-leder, selv om det var den uttalelsen som utløste hele striden.

Sandra Borch held fast på at Ola Borten Moe er den rette til å ta over som Sp-leiar den dagen Liv Signe Navarsete går av.

Ingen hyttetur i 2012

Etter eit mislukka oppvaskmøte mellom dei to kvinnene, vart utskjellinga tema på Senterpartiets sentralstyremøte. Møtet endte i tårar. Til slutt ga Navarsete Borch ei «orsaking utan atterhald», og lova at det skulle bli jevnare og betre kontakt mellom Sp-leiinga og Senterungdommen.

Navarsete inviterte dessutan heile Senterungdommen sitt sentralstyre på hyttetur i november.

Men korkje hytteturen eller den tette kontakten har blitt noko av så langt.

Er eller blir betre?

– Vi har ikkje hatt noko kontakt berre mellom Senterungdommen og partileiinga, nei. Men eg har tru på at vi får til det etter jul, sier Borch til NRK.

– Hadde du venta at dette skulle skje litt raskare?

– Det er ein hektisk kvardag, og eg har tru på at vi vil få eit tettare samarbeid etter jul, med fleire møte, svarar Borch.

Liv Signe Navartsete meiner på si side at forholdet allereie har vorte betre.

– Eg opplever at vi har eit betre forhold og tettare kontakt, seier Navarsete til NRK.

Sterkt temperament

Episoden i Troms er ikkje første gongen Navarsete har hatt problem med å tøyle temperamentet sitt.

Mest kjend er episoden der Navarsete skjeller ut lokalsjukhusforkjempar Janne Endal Andersson på Nordfjordeid.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

Liv Signe Navarsete blir sint på ein lokalsjukhusdemonstrant på Nordfjordeid.

Også tidlegare ordførar i Lom, Simen Bjørgen, har fortalt at han fleire gongar har blitt skjelt ut av Navarsete i sentralstyret.

Ikkje fleire utbrot

Sandra Borch kan ikkje svare på om Navarsete har endra leiarstil etter bråket i haust.

– No har vi ikkje hatt så manger møte etter sentralstyremøtet, så det er vanskeleg å seie, meiner Borch.

Navarsete sjølv kan ikkje erinde å ha hatt fleire utbrot siden oppvaskmøtet i oktober.

– Ha ha, nei ikkje meg bekjent, ler Navarsete.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger